Fanafjellsvegen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fanafjellsvegen
Strekning
Fana kyrkje – Nordvik
Fanafjellsvegen
Informasjon
Lengd 6,1 km
Status del av Fv163
Tilstøytande vegar
546

Fanafjellsvegen er ein veg i Fana bydel i Bergen som går frå Fanavegen og Titlestadvegen og søraustover over Fanafjellet til kommunegrensa mot Os kommune. Vegen er 6,1 km lang og er ein del av Fv163.

Vegen har ei trafikkmengd på 2200-2400 bilar i døgeret, bortsett frå stykket mellom Hamrevegen og Fanavegen, der trafikkmengda er 5000 bilar i døgnet.

Namnet på vegen vart vedteke i 1961.

Oppe på det høgste punktet av vegen over Fanafjellet, der det er ein stor parkeringsplass, ligg avdelinga til Hordamuseet med ni seterhus frå ulike stader i Hordaland spreidd utover i terrenget. Tidlegare låg òg serveringstaden Fanaseter her med si vesle dyrepark og nokre hestestallar, som i si tid var ein populær utfartsstad for familiar med born. Ved Nordvik i Bergen, nær grensa til Os kommune, ligg den vesle Nordvik skole.

Knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

  • 546 Fanavegen og Fv169 Titlestadvegen
  • Fanaflaten
  • Fv167 Hamrevegen
  • Sideveg mot aust (130 m)
  • Sideveg mot sørvest (150 m)
  • Sideveg mot nordaust (120 m)
  • Sideveg mot aust (130 m)
  • Sideveg mot sør (300 m) Fanaseter
  • info Høgaste punktet på vegen - 232 moh
  • Sideveg mot aust (340 m)
  • Sideveg mot nordaust (100 m)
  • Avkjørsel Nordvikvegen
  • Sideveg mot søraust (180 m)
  • Sideveg mot nord (90 m)
  • Sideveg mot sørvest (90 m)
  • Sideveg mot aust (390 m) - Nordvik skole
  • Avkjørsel Sagstadvegen
  • Avkjørsel Sagstadvika
  • Sideveg mot sørvest (90 m)
  • Endepunkt Fv163 Sperrevikvegen i Os kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]