Fanastøl skole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fanastøl skole var ein tidlegare barne- og ungdomsskule i Fana i Bergen kommune. Skulen var for elevar med psykiatriske lidingar og vart driven saman med Fanastøl behandlingshjem. Skulen vart oppretta i 1964 i samband med behandlingsheimen. I 1992 tok Hordaland fylkeskommune over drifta av skulen, fram til 2000 då skulen vart nedlagd.

Skulen hadde plass til 10 elevar, der åtte av desse budde på Fanastøl behandlingshjem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gunnar Hagen Hartvedt og Norvall Skreien (2009). Bergen Byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-1761-4.