Fane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amerikanske militærfaner.

Ei fane er ein type flagg som ein vanlegvis ber på ei fanestong. Kvar einskild fane er unik og ofte rikt dekorert. Faner kan brukast som teikn for grupper, institusjonar, militæravdelingar og statsoverhovud.[1]

Faner hadde opphavleg berre militær bruk, men har etterkvart blitt tekne i bruk i Noreg og mange andre land til fleire høve og av mange ulike organisasjoner. Difor har dei mange ulike utforningar.

Ein standart er ei fane som oftast er kvadratisk og blir brukt av kavaleriet – ei ryttarfane. På standarten er flaggduken berre rundt ein tredel så stor som på ei fane, av di standartane skal vere lette å føre til hest.

I Noreg vert faner nytta under ulike parader, til dømes under første mai og 17. mai.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Skaare, Kolbjørn; Moen, Sølvi Bennett (7. oktober 2019). «fane». Store norske leksikon (på norsk bokmål).