Fangeleir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fangeleir for kinesiske og nordkoreanske krigsfangar driven av SN under Koreakrigen.

Fangeleir er ei nemning på eit avsperra område (leir) der ein sperrar inne fangar. Døme kan vera kriminelle, krigsfangar eller politiske fangar.

Konsentrasjonsleirar er fangeleirar med særleg grufulle tilhøve, og dit folk oftast blir sende utan lov og dom, det vil seia med administrativ avgjerd. Nokre av desse konsentrasjonsleirane blir òg kalla dødsleirar, da heile poenget med dei var å drepa flest mogleg fortast mogleg. Dette er særleg tilfelle med somme av dei største nazistiske leirane, der fleirtalet av dei sivile fangane (jødane og romafolk) vart selekterte og sende rett i gasskammera for å døy utan ein gong å ha fått fangenummer og bli registrerte. Om fangane vert tvinga til å arbeida, kan ein fangeleir verta kalla arbeidsleir.

Døme på fangeleirar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]