Fani Khalkia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fani Khalkia
Statsborgarskap Hellas
Fødd 2. februar 1979 (45 år)
Lárisa
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004

Fani Khalkia (gresk: (fødd 2. februar 1979) er ein gresk tidlegare friidrettsutøvar frå Larisa som tevla i hekkeløp. Ho vart olympisk meister på 400 meter hekk i 2004, og tok sølvmedaljen i same øvinga under EM 2006.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Før 2004 hadde Khalkia ein personleg rekord på 400 m hekk på 56,40 sekundar. Gjennom OL-sesongen hadde ho enorm framgang i øvinga, og i semifinalen under sjølve Sommar-OL i Aten sette ho ny olympisk rekord med tida 52,77. I finalen fekk Khalkia notert 52,82, noko som heldt til ein klar siger.

To år seinare tok Khalkia bronsemedaljen under friidretts-EM 2006 med tida 54,02. Ho deltok også under VM 2007, der ho vart utslått i semifinalane.

Doping[endre | endre wikiteksten]

I 2008 avla Khalkia positiv dopingtest på ein treningsleir framfor Sommar-OL i Kina. Ho kom aldri tilbake i internasjonal friidrett.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 2004 i Athen: Gullmedalje – 52,82, framom Ionela Târlea (53,38)
  • EM 2006 i Göteborg: Sølvmedalje – 54,02, bakom Jevgenija Isakova (53,93)
  • VM 2007 i Osaka: Utslått i semifinalane (56,58 =nr 22)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]