Fannaråkhytta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°30′57.9″N 7°54′25.5″E / 61.516083°N 7.907083°E / 61.516083; 7.907083

Fannaråkhytta (2065 m.o.h.)
Foto: Ola Njå

Fannaråkhytta er ei turisthytte i Luster kommune i Vestland. Hytta ligg på toppen av Fannaråki, og er den høgst liggjande turisthytta i Noreg på 2065 m.o.h. Her er 32 sengeplassar og hytta er berre open frå siste helga i juni til siste i august/fyrste i september. Hytta er eigd av Den Norske Turistforening (DNT).

Fannaråkhytta består av to hytter, ein stall, utedo og proviantbu. Den fyrste hytta vart bygd i 1926 i samarbeid med Vervarslinga på Vestlandet. Ho hadde to rom, eitt av dei med to køyer for turistar. I åra 1933–34 bygde DNT ei eiga hytte samtidig som Vervarslinga utvida si hytte. Den gamle vêrstasjonen, som var bemanna året rundt fram til 1978, vert no brukt til overnatting, medan den opphavlege turistforeningshytta vert brukt til opphaldsrom og servering. I rekordåret 2008 hadde Fannaråkhytta 1800 overnattingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Fannaråkhytta» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]