Fannefjordtunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fannefjordtunnelen
Foto: Peter Fiskerstrand

Fannefjordtunnelen er ein 2743 meter lang undersjøisk vegtunnel som går under Fannefjorden mellom Molde (Lergrovika) og BolsøyaFv64. Tunnelen er ein del av den bompengefinansierte Skålavegen. Vegprosjektet vart opna 24. mai 1991 og vart nedbetalt sommaren 2005 etter ein periode med vederlag på 14 år.

Fannefjordtunnelen når 101 meter under havet, og største stigning er 9 %. Fotgjengarar kan ikkje ferdast i Fannefjordtunnelen.

I likskap med mange andre tunnelar i Noreg er Fannefjordtunnelen plaga med kondens. Kondensen kan føre til farlege situasjonar fordi bilrutene plutseleg doggar når ein køyrer inn i tunnelen. [1], [2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 62°44′22″N 007°16′06″E