Hopp til innhald

Fanny Horn Birkeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fanny Horn)
Fanny Horn Birkeland


Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. mars 1988 (36 år)
Oslo
Idrett skiskyting, langrenn, orientering
Tok del i Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Stafett kvinner

Fanny Horn Birkeland, tidlegare Fanny Welle-Strand Horn, (fødd 8. mars 1988) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Oslo som vart verdsmeister i 4 x 6 km stafett under VM i skiskyting 2016 på heimearenaen Holmenkollen. Horn har elles vunne ein OL-medalje og to VM-medaljar, alle i bronse og i stafettar. Ho er medlem av Oslo Skiskytterlag. Sidan 2015 er ho gift med skiskyttaren Lars Helge Birkeland.

Fanny Horn VM-debuterte i VM i skiskyting 2011 i Khanty-Mansijsk, der ho utan suksess deltok i fem tevlingar. Året etter fekk ho gå ein etappe i verdsmeisterskapen i tyske Ruhpolding, der dei norske kvinnene vann bronsemedaljen i 4 x 6 km stafett. Under vinterleikane 2014 i Sotsji tok ho ein ny bronsemedalje i 4 x 6 km stafett, som i 2012 med Tora Berger på ankerettappen.

I verdscupen i skiskyting vann Horn ein overraskande siger i 7,5 km sprint i Ruhpolding i januar 2015, den einaste gongen ho har vore mellom dei seks beste i eit verdscuprenn. Ho vann så si tredje internasjonale bronsemedalje i opningstevlinga mixstafett under VM i skiskyting 2015 i finske Kontiolahti. Som under OL 2014 gjekk ho på lag med Tiril Eckhoff, medan brørne Johannes T. og Tarjei Bø tok seg av dei siste etappane.

Under VM i skiskyting 2016 vart Birkeland nummer 19 på jaktstarten, hennar beste individuelle plassering i eit internasjonalt meisterskap. Fem dagar seinare gjekk ho den andre etappen for det norske laget som vann kvinnestafetten, dei andre på laget var Synnøve Solemdal, Tiril Eckhoff og Marte Olsbu.