Fantasy-litteratur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fantasy, på norsk òg kalla fantastisk litteratur eller fantasia, er ein litterær sjanger som er i slekt med eventyr. Ein samnemnar for fantasy-forteljingar er at dei går føre seg i ei verd der bruk av ulike former for magi er utbreidd.

Fantasy kan ofte likna science fiction i måten ein fjernar seg frå røynda på og let fantasien få fritt spelerom. Den viktigaste skilnaden på desse sjangrane er at det fantastiske i sci-fi dreiar seg om teknologi og vitskap, medan fantasy ofte er lite teknologisk framskridne samfunn der magi altså er ein viktig ingrediens.

J.R.R. Tolkien vert ofte rekna som den viktigaste forfattaren av fantasy. Hovudverket hans, Lord of The Rings, har inspirert mange andre som skriv i sjangeren. Andre viktige verk er The Chronicles of Narnia av C. S. Lewis, og i dei siste åra serien om Harry Potter av J.K. Rowling. I norsk samanheng er Margit Sandemo å rekna som den fremste forfattaren av fantasy. Ho har mellom anna gjeve ut serien Sagaen om Isfolket.

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.