Fantasy Records

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fantasy Records er eit amerikansk plateselskap skipa i 1949 av Max og Sol Weiss i San Francisco i California. I byrjinga var musikkalbum innan sjangeren jazz hovuddelen av utgjevingane til selskapet. Saul Zaentz kom i 1955 inn i administrasjonen, og leia i 1967 eit konsortium som kjøpte ut brørne Weiss av selskapet. I 1964 signerte Zaentz eit lovande lokalt band, The Blue Velvets. Bandet skiftet snart namn til The Golliwogs, men i desember 1967 skiftet dei namn att til Creedence Clearwater Revival. CCR skulle på slutten av 1960- og byrjinga av 1970-talet bli det mest suksessfulle bandet til plateselskapet.

Saul Zaentz selde i 2004 Fantasy Records til eit konsortium leia av TV-produsenten Norman Lear, og Fantasy vart slått saman med Concord Records. Det nye selskapet tok namnet Concord Music Group. Kort tid etter signerte John Fogerty kontrakt med selskapet, etter at han på 1970-talet rauk uklår med Zaentz og forlét Fantasy Records.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]