Fantomenergi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fantomenergi er ei hypotetisk form for mørk energi med ein særskild sterk, fråstøytande gravitasjon og med ein tettleik som aukar når universet ekspanderer.

Om energien finst, vil det få ekspansjonen av universet til å akselerere så raskt at ein får ein såkalla Big Rip. Dette vil i så fall føre til ein grenselaus akselerasjon, som etter kvart overgår lysfarten. Det observerbare universet vil derfor krympe, sidan lys og informasjon strålt ut frå fjerntliggande stjerner ikkje kan «henge med» ekspansjonen. Sidan objekt då ikkje kan vekselverke me kvarandre via fundamentale krefter, så vil alt i universet, til og med atom, bli riven sund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]