Fanø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fanø
Vindmølle på på Sønderho på Fanø
Vindmølle på på Sønderho på Fanø
Geografi
Stad Vadehavet
Koordinatar 55°24′19″N 8°25′13″E / 55.40528°N 8.42028°E / 55.40528; 8.42028
Øygruppe Vadehavsøyane

Areal 56 km²

Administrasjon
Land Danmark
Kommune Fanø kommune
Største busetnad Nordby (2 500 innb.)

Demografi
Folketal 3 143 (2006)
Folketettleik 56 /km²

Fanø er ei dansk øy, rett utanfor Esbjerg. Ho er eigentleg ein sandbanke, og ein er avhengig av å sikre ein jamn vegetasjon, særleg av gras og lyng, for at ho ikkje skal eroderast bort av vind og bølgjer.

Det er to tettstader på øya, Nordby og Sønderho. Dei to stadane har i minst to hundrår hatt ein feide, som i dag er vennskapeleg, men som like fullt kan merkast. Nokre av dei eldste innbyggjarane i Nordby har aldri vore i Sønderho, sjølv om det berre er nokre få kilometer mellom dei. Fanødrakta, den lokale folkedrakta, har ein variant i kvar av dei to stadane.

Mellom Nordby og Sønderho ligg Rindby, som i mellomalderen var kyrkjestad for Nordby sogn, men som no har svært få fastbuande og for det meste består av turistanlegg, spesielt ved Rindby Strand.

Dei fleste av husa i Sønderho er bygd mellom 1600- og 1800-talet, og har stråtak. Dette, kombinert med velhaldne hagar, gjer staden svært pittoresk. Sønderho er den staden i Danmark som har flest freda hus. Moderne ferieanlegg er vert plassert i utkanten slik at dei ikkje skjemmer landsbyen sin utsjånad, og det er til og med restriksjonar på bruk av firmalogoar på butikkar slik at det gamle preget vert verna.

Nordby har eit noko meir urbant preg, men bygningane er òg der stort sett frå 1800-talet eller tidlegare. Denne skilnaden skuldast at Nordby har ferjesamband til Esbjerg og er administrasjonsstad for øya, og dermed har andre behov og andre økonomiske føresetnadar.

Fanø har ei sandstrand som går rundt nesten heile øya. Ho er svært brei og fast, og det er derfor mogeleg å køyre bil langs stranda mellom Sønderho og Rindby, i staden for å bruke vegen som går tvers over øya. Stranda gjer øya til ein populært feriestad, spesielt for tyske og norske turistar.

Fiske og sjøfart har tradisjonelt vore dei viktigaste næringsvegane på øya, og Fanø sin handels- og fiskeflåte var tidlegare av dei største i Danmark. I nyare tid har turisme vorte den største inntektskjelda.

Det er ferjesamband med mange avgangar mellom Fanø og Esbjerg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]