Far North District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Far North
Far North Territorial Authority.PNG
Far North District
Folketal 55 845
Utbreiing Cape Reinga til Waimanakau;
aust til Cape Brett

Far North DistrictNew Zealand er — som namnet seier — det nordlegaste distriktet i landet, og det ligg på nordenden til Nordøya.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Distriktet ligg heilt nord i regionen Northland, og er det største av distrikta denne regionen er sett saman av. Det strekker seg frå nesa og vikene i nordenden av halvøya Aupouri Peninsula, forbi Ninety Mile Beach og i sør sentralt på halvøya North Auckland Peninsula, der han omfattar både Bay of Islands og Hokianga.

Nord i distriktet ligg byane Kaikohe og Kaitaia, lenger sør byar og omland ved Bay of Islands (Kerikeri, Paihia, Russell, Opua, Kawakawa og Moerewa), og ei rekkje mindre busetnader kring Hokianga Harbour (Omapere, Opononi, Rawene, Panguru, Kohukohu, og Horeke).

Populasjon[endre | endre wikiteksten]

Ved folketeljinga i 2006 var innbyggjartalet i distriktet 55 845 menneske, og 40 % av desse rekna seg som māori. I det siste tiåret har busetnaden — i motsetnad til nasjonale og internasjonale trender — vorte aukande rural. Den største byen, Kaitaia, har eit folketal på så vidt over 5200, i Kaikohe, administrasjonssenteret i distriktet, er folketalet 4100.

Lokalstyre[endre | endre wikiteksten]

Far North District Council vart danna ved samanslåing av områda Mangonui, Hokianga, Whangaroa og Bay of Islands County Councils.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]