Far etter fedrane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Far etter fedrane er tittelen på to bøker utgjevne av lokalhistorikaren Reidar Svare.

  • Den første boka vart utgjeven i Mosjøen av Vefsn historielag i 1950 og inneheld folkeminne innsamla i Vefsn. Boka har eit føreord skrive av Knut Liestøl.
  • Den andre boka vart utgjeven same staden i 1967, med tittelen Sett og sagt : Far etter fedrane, II. Denne boka inneheldt og folkeminnestoff, og hadde føreord skrive av professor Svale Solheim.

Far etter fedrane er namnet på årboka Vefsn museum (frå 2009: Vefsn museumslag) gjev ut. Museet valde namnet for å heidre Reidar Svare for innsatsen han gjorde som folkeminnesamlar. Årboka er kommen ut kvart år sidan 1987-boka. Bøkene har blitt nummererte slik at 2008-boka kom ut hausten 2007, men frå og med Far etter fedrane 2009B som kom ut hausten 2009, er nummereringa endra til å følgje utgjevingsåret.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]