Faraid Head

Koordinatar: 58°36′20″N 4°46′11″W / 58.60543°N 4.76978°W / 58.60543; -4.76978
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Faraid Head er ei lita halvøy på nordkysten av Sutherland i Highland i Skottland, 3 km nord for landsbyen Balnakeil og 4 km nord for Durness.

Det vart bygd ein liten radarstasjon på neset i 1950-åra med eit ROTOR-radarsystem som dekte nordkysten av Skottland. Då stasjonen var ferdigbygd var ROTOR-systemet alt for gammalt og stasjonen vart nedlagd. I seinare år har hovudbygningen vorte renovert og vert nytta som kontrolltårn for bombefeltaCape Wrath og Garvie Island.

Dei største sanddynene på Dei britiske øyane finst ved Faraid Head.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Subterranea Britannica om Faraid Head - [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

58°36′20″N 4°46′11″W / 58.60543°N 4.76978°W / 58.60543; -4.76978