Farao

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Farao Senusret III.

Farao er ein herskartittel brukt om gudekongane i det gamle Egypt. Han stammar frå det egyptiske ordet ordet pr-o, som i hebraisk form (hebr. פרעה) blei brukt i Bibelen, og betyr «det store huset». Opphavleg viste dette til kongepalasset, men seinare blei det brukt som ein tittel for kongen sjølv.

Tittelen er kjent første gong frå et brev til farao Tuthmose III. Han blei seinare brukt som ei tiltaleform. Kongen bar offisielt ein tittel som bestod av fem namn. Farao var ikkje eitt av dei, men blei med tida ei viktig nemning på kongen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]