Fardal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fardal is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Fardal

Fardal er ei bygd i Sogndal kommune i Vestland. Fardal ligg midt i Norane (Noradn), om lag midtveges i Norafjorden. Fardal er både ein liten tettstad heilt nede ved fjorden og Fardal Gard som ligg der hengedalen startar, om lag 70 høgdemeter over fjorden. Namnet Fardal er eit gamalt namn som viser til at det har vore ein ferdselsveg i gamle tider. Namnet Fardal har opphavleg omfatta heile dalen frå sjøen og heilt til fjells, men vert i dag berre nytta om nedste halvdelen. Øvst i dalen, der dalen flatar ut, har i seinare tid blitt kalla Øvstedalen.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare hadde Fardal eige postkontor, fleire butikkar, eit sagbruk, ein kassefabrikk og smed. Den siste butikken og postkontoret vart nedlagt midt på 90-talet men Fardal har framleis eige postnummer. Fardal fungerer no mest som ein liten forstad til Sogndal, då dei fleste ikkje jobbar i primærnæringa lenger.