Fardal Gard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fardal er ein gard i Sogndal kommune i Vestland, liggande om lag midt i Norafjorden, ein sidearm til hovudarmen av Sognefjorden. Garden Fardal strekte seg tidlegare heilt ned frå fjorden og frå Fardøla i vest, til Øskjestrond og Øyre i Aust, opp til Vatlestad oppover i dalen og grensa mot Sogndalsdalen oppå Øyrafjellet.

Etter oppdelinga er det gardane Fardal (Skakk) som er den første, Fardal (Nils) som er den andre, Alpen liggande heilt oppunder Øyranobbi, Oppheim lenger fram, Bekkedal som ligg ved Øyrabekken frå Øyrafjellet, Fardalshagen (Hagen) framover og Uglane (Ugladn) i bakkane under fjellet. Ein stor del av dyrkamarka ligg i dalbotn av hengedalen Fardal som består av morenemassar, og ellers av mindre vollar og teigar frametter dalen. Vårstølen (heimstølen) er på Gardsel i inste botnen av dalen, medan sommarstølen (framstølen) er Gautastødl, med utsikt over Middalen i Sogndalsdalen og ned att mot Fardal og vestover mot Fjærlandssete.

Dei to bruka som i dag ber namnet Fardal driv tradisjonell sauedrift med om lag 70-80 vinterfora sau, Alpen driv mjølkedrift med rundt 80 tonn kvote, Oppheim driv med sau og hest og Bekkedal driv med sau. Tidlegare var det blanding av mjølkekyr, sau og fruktdyrking på desse bruka.