Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fareskilt er trafikkskilt som blir brukt for å varsle om farar som kan vere vanskelege å oppfatte i tide, eller som er vesentleg større enn det ein kan vente ut frå trafikktilhøve, vegutforming eller omggjevnader.
Dei fleste norske fareskilt er trekanta med raud kant og svarte symbol på kvit botn. Norske fareskilt brukte til mellombels skilting i samband med vegarbeid har gul botnfarge. På Svalbard finst det eit fareskilt for isbjørn med svart botnfarge.
Farlege svingarDen fyrste til høgre
Farlege svingarDen fyrste til venstre
Smalare vegInnsnevring på begge sider
Smalare vegInnsnevring på høgre side
Smalare vegInnsnevring på venstre side
RasfareSkiltet varslar om fare for ras av stein, jord, snø e.l., og at rasmateriale kan ligge på køyrebana
Glatt køyrebaneSkiltet varslar om fare for glatt køyrebane på grunn av særlege forhald
Kai, strand eller ferjeleie
Farleg vegkrossSkiltet varslar om farleg vegkryss der det gjeld vanleg vikeplikt overfor køyrende frå høgre
AvstandsskiltSkiltet gir forvarsel om planovergang
AvstandsskiltSkiltet gir forvarsel om planovergang
JarnbanesporEnkeltsporet: Skiltet viser stad der jarnbane eller forstadsbane kryssar vegen i plan
JarnbanesporFleirspora: Skiltet viser stad der jarnbane eller forstadsbane kryssar vegen i plan
BornSkiltet varslar om stad på eller langs veg der born ofte går eller held seg i samband med skule, barnehage, leikeplass e.l.
SyklandeSkiltet varslar om stader der syklande ofte kryssar eller køyrer ut på vegen
ElgSkiltet varslar at elg ofte går over eller langs vegen
ReinSkiltet varslar at rein ofte går over eller langs vegen
HjortSkiltet varslar at hjort ofte går over eller langs vegen
KuSkiltet varslar at kyr ofte går over eller langs vegen
SauSkiltet varslar at sau ofte går over eller langs vegen
FlySkiltet varslar at fly kan fly lågt over eller nær vegen
SidevindSkiltet varslar om stader der det ofte kjem sterk sidevind
SkiløpararSkiltet varslar om stader der skiløparar ofte kryssar vegen
RidandeSkiltet varslar om stader der ridande ofte kryssar eller rir ut i vegen
Annan fareNærmare opplysing på underskilt
IsbjørnSkiltet finst berre på Svalbard og varslar at isbjørn ofte ferdast over eller langs vegen