Fargen oliven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Oliven er ei gruppe grønaktige fargenyansar innan nyanseklassen jordfarger. Nemninga er ikkje knytt til noko avgjort pigmentgruppe, men syner til den umodne olivenfrukta. Oliven kan lett skapast ved optisk blanding av visse raude og grøne nyansar på ei roterande fargeskive. Fargesystematisk er oliven interessant fordi visse nyansar av han kan oppfattast som grønaktig raud eller omvendt. Regelen om at ingen farge er både raud- og grønaktig gjeld altså ikkje absolutt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

oliven – farge. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/oliven/farge