Faribault County

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tinghuset i Blue Earth

Faribault County er eit fylke i den USA-amerikanske delstaten Minnesota. Fylket ligg lengst sør i delstaten og grensar mot delstaten Iowa i sør. Faribault dekker 1 869 km², 21 km² av dette er vatn. Folketalet er i 2020 kring 14 000, mot over 23 000 i tida 1940-60. Fylkesadministrasjonen held til i småbyen Blue Earth.

Fylket vart grunnlagt i 1855 og har namn etter ein fransk pelshandlar. Ved folketeljinga 2000 vart 45,5% av ibuarane registrert som tyskætta og 21,2% norskætta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]