Farisearar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Farisear)
Kristus i heimen til farisearen, målarstykke av Jacopo Tintoretto, etter Luk. 7,36[1]

Farisearar var ei filosofisk grein av jødedommen. Jødedommen delte seg i fleire filosofiske greiner. Blant desse fann ein farisearar, saddukearar, selotar og essearar.

Farisearane var skriftlærde. Det som skilde farisearane frå dei andre gruppene var at farisearane trudde på, og levde etter «fedrenes overleveringer», altså den muntlege lova som stamma frå Moses.

I kristendommen er ofte farisearane vorte sett ned på, på grunn av at Jesus stadig kom i diskusjon med dei. Jesus stod for ei meir praktisk tolking av Talmúd enn farisearane. Det nye testamentet fortel om Jesu verop over farisearane,[2] medan det er teikna eit meir sympatisk bilete av farisearen Nikodemus som Jesus hadde ein nattleg samtale med.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne religionsartikkelen som har med historie å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.