Farleg avfall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Miljøstasjon for farleg avfall i Oslo.

Farleg avfall, tidlegare kalla spesialavfall, er avfall som ikkje kan behandlast saman med vanleg avfall fordi det har eigenskapar som til dømes kan medføra alvorleg ureining eller skadar på menneske eller dyr. Dette kjem av at avfallet har éin eller fleire farlege eigenskapar.

Typar farleg avfall[endre | endre wikiteksten]

Blant dei viktigaste farlege eigenskapane er:

  • Brannfarleg avfall – avfall som kan forårsaka brann eller eksplosjon
  • Giftig avfall – avfall som kan medføra forgiftingar, alvorlege sjukdommar eller død. I nokre tilfelle kan det ta svært lang tid før kroppen blir skadd, t.d. ved kontakt med asbest eller PCB.
  • Etsande avfall: avfall som ved kontakt med hud kan føra til alvorleg vevsskade, eller synsskade i kontakt med auga.
  • Irriterande avfall: avfall som kan føra til allergiske reaksjonar, kløe eller svie.

Døme på farleg avfall:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]