Fartøyet skøyte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Skøyte, frå nederlandsk schuit, er ei spiss- eller rundgatta dekksbåt, med utvendig ror hengsla til akterstavnen [1]. Dei fyrste skøytene var seglskuter, men ut på 1900-talet vart det montert motor i mange av dei. Dei vart då kalla «motorskøyter». Dei var opphavleg klinkbygde, men på 1880-talet tok Colin Archer til å nytta kravellbygginglosbåtar. Ei skøyte kan ha jakt- eller galeasrigg, men dei fleste skuter var etter måten små, så ei mast (jaktrigg) var nok det vanlege. På grunn av at ei skute som oftast var mindre enn ei jakt var det vanleg med berre to stagsegl: stagfokk og jagar, men ikkje klyver.

Skøyter vart nytta både som frakteskuter, fiskebåt, losbåtar, redningsskøyter, osb. Frakteskuter kan kjennast att på at dei hadde høg skansekledning, for å sikra dekkslasten [1].

Hønerævskøyter[endre | endre wikiteksten]

Her ser ein tydeleg «hønræva» på skøyta. Ein trur at dette er skøyta «Ørn».

Ei hønerævskøyte hadde spissgatta skrog, men dekket var bygd ut som ei plattform over hekken. Namnet kjem truleg av at hekken minte om halen på ei høne, og var truleg ikkje eit kompliment. Dette var ein billig måte å skaffa meir dekksplass på. Hønrævskøyter var vanlege i Hardanger, men ein trur at dei opphavleg kom frå Sør- eller Austlandet [1].

Listerskøyter[endre | endre wikiteksten]

Listerskøyter har rund baug og har ofte stor breidd. Listerskøyter vart opphavleg nytta for drivgarnfiske, men mot slutten av 1800-talet skøytene sette inn i fraktefart [1]. Dei kunne vera rigga med spri- eller gaffelsegl.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Gøthesen, G., Norske båter, bind II: Norskekystens fraktemenn, Grøndahl, 1980.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.