Farther Along av The Byrds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Farther Along
Studioalbum av The Byrds
Språk engelsk
Utgjeve 17. november 1971
Innspelt 22. til 28. juli 1971, CBS Studios, London i England
August 1971, Columbia Studios i Hollywood
Sjanger Rock, countryrock
Lengd 32:02
Selskap Columbia
Produsent The Byrds
The Byrds-kronologi 
The Byrds' Greatest Hits Volume II
(1971)
Farther Along The Best of The Byrds: Greatest Hits, Volume II
(1972)


Singlar frå Farther Along
  1. «America's Great National Pastime»
    Utgjeve: 29. november 1971
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]
Robert Christgau(C)[2]
Entertainment WeeklyB+[3]

Farther Along er det 11. albumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og kom ut i november 1971 på Columbia Records.[4] Albumet vart hovudsakleg spelt inn og produsert av bandet sjølv i London i England i løpet av fem intensive dagar i juli 1971.[5] Det kom raskt ut som ein reaksjon på det kommersielt mislukka Byrdmaniax, som kom ut før, og var eit forsøk på å gjenvinne respekten i musikkpressa.[6][7]Byrdmaniax hadde produsent Terry Melcher på eige initiativ lagt på strykarar og blåsarar, utan samtykke frå bandet, og dette høvde seg ikkje i følgje dei fleste kritikarane.[6][7] Farther Along er derfor eit slags svar frå bandet på det overproduksjonen til Melcher, samt eit forsøk på å vise at dei kunne produsere eit album som var betre enn Byrdmaniax på eiga hand.[6][7] Sidan albumet vart planlagt og spelt inn i all hast, vart Farther Along nok eit ujamt album, som bandet sjølv ikkje var nøgd med. Dei klarte derfor ikkje å snu den dårlege trenden etter Byrdmaniax.[8]

Då albumet kom ut nådde det berre 152. plassen på den amerikanske albumlista, og gjekk ikkje inn på listene i Storbritannia i det heile.[9][10] Ein singel frå albumet, «America's Great National Pastime», kom ut 29. november 1971, men gjekk ikkje inn på listene.[10][11] Farther Along, i lag med Dr. Byrds & Mr. Hyde, er dei to albuma som har lege kortast tid på den amerikanske albumlista av alle Byrds-albuma.[12]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Tiffany Queen» (Roger McGuinn)2:40
2.«Get Down Your Line» (Gene Parsons)3:26
3.«Farther Along» (trad. arr. Clarence White)2:57
4.«B.B. Class Road» (Gene Parsons, Stuart Dawson)2:16
5.«Bugler» (Larry Murray)3:06
Side to
Nr.TittelLengd
6.«America's Great National Pastime» (Skip Battin, Kim Fowley)2:57
7.«Antique Sandy» (Roger McGuinn, Skip Battin, Gene Parsons, Clarence White, Jimmi Seiter)2:13
8.«Precious Kate» (Skip Battin, Kim Fowley)2:59
9.«So Fine» (Johnny Otis)2:36
10.«Lazy Waters» (Bob Rafkin)3:32
11.«Bristol Steam Convention Blues» (Gene Parsons, Clarence White)2:39
Bonusspor på 2000-utgåva
Nr.TittelLengd
12.«Lost My Drivin' Wheel» (David Wiffen)4:56
13.«Born to Rock and Roll» (Roger McGuinn)2:59
14.«Bag Full of Money» (Roger McGuinn, Jacques Levy)5:58

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Byrds

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Farther Along review». Allmusic. Henta 2. januar 2019. 
  2. «The Byrds: Consumer Guide Review». Robert Christgau: Dean of American Rock Critics. Henta 2. januar 2019. 
  3. «Farther Along review». Entertainment Weekly. 25. februar 2000. Arkivert frå originalen 18. oktober 2012. Henta 2. januar 2019. 
  4. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 542–547. ISBN 0-95295-401-X. 
  5. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 280–283. ISBN 1-90600-215-0. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 325–329. ISBN 0-95295-401-X. 
  7. 7,0 7,1 7,2 «Byrdmaniax». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 19. oktober 2010. 
  8. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 330–334. ISBN 0-95295-401-X. 
  9. Whitburn, Joel. (2002). Top Pop Albums 1955-2001. Record Research Inc. s. 122. ISBN 0-89820-147-0. 
  10. 10,0 10,1 Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8. 
  11. Whitburn, Joel. (2008). Top Pop Singles 1955-2006. Record Research Inc. s. 130. ISBN 0-89820-172-1. 
  12. Fricke, David. (2000). Farther Along (2000 CD liner notes).