Fashion av David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fashion
Singel av David Bowie
frå albumet Scary Monsters (and Super Creeps)
B-side

«Scream Like a Baby»

Utgjeve 20. oktober 1980[1]
Innspelt Februar 1980 til april 1980
Studio Power Station, New York; Good Earth, London
Sjanger
Lengd 3:23 (singel)
4:46 (album)
Selskap RCA Records
BOW 7
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi 
«Ashes to Ashes»
(1980)
Fashion «Scary Monsters (And Super Creeps)»
(1981)


«Fashion» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, utgjeve i 1980 på albumet hans Scary Monsters (And Super Creeps). Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet og kom i lag med ein høgt akta musikkvideo.[4][5]

Singelen vart rangert som den åttande beste i 1980 av magasinet NME.[6]

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

I følgje medprodusent Tony Visconti var «Fashion» den siste songen som vart gjort ferdig for Scary Monsters. Basslinja og noko av melodien er inspirert av hitten til Bowie frå 1975, «Golden Years».[5] Gjestegitarist Robert Fripp medverka med ei rekkje skurrande, mekaniske riff som utfylte funk/reggae-arrangementet til bandet.

Songen er kjend for den kjenslemessige tomme koreffekten, og onomatopoietikonet «beep beep», som kjem att fleire gonger. Bowie hadde først nytta dette i songen «Rupert the Riley» frå 1970, som aldri er vorte gjeven ut.[7] Eit anna uttrykk i teksten lånt frå ein tidlegare tekst av Bowie var «People from Bad Homes», som var tittelsporet på eit album frå 1973 som han produserte for The Astronettes. Dette kom først ut i 1995.[8]

Referansar til ein «goon squad» som kjem til byen gav teoriar om at songen eigentleg omhandla fascisme.[4] Bowie sa dette var feil i eit intervju som kom ut kort tid før Scary Monsters, og sa at han prøvde «dra det litt vidare frå Ray Davies-konseptet om mote, og føreslo ein viljefastleik med gnissande tenner og ein utryggleik om kvifor ein gjer det».[9] Biografen David Buckley meinte songen «gjer narr av banaliteten på dansegolvet og stil-fascistane» i New Romantic-rørsla.[7]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

David Mallet laga ein musikkvideo for «Fashion» i nattklubben HURRAH, eigd av venen Robert Boykin. Den fasettert spegelveggen kring dansegolvet er synleg i bakgrunnen, og alle i bandet er filma i denne klubben. Andre stader kring Manhattan er klipt inn i videoen. I ein scene kan ein sjå Bowie som spelar føre ei gruppe kjenslelause tilhengjarar som etterliknar alle rørsle hans som ein robot. Etter ei rekkje ansiktsgrimasar, gjer Bowie det same han hadde gjort i videoen til «Ashes to Ashes»: han bøyer seg sakte ned og fører armen til bakken i ein langsam vertikal boge. Lesarane av Record Mirror kåra «Fashion» og «Ashes to Ashes» til dei beste musikkvideoane i 1980.[5]

I videoen kan ein sjå Carlos Alomar, G.E. Smith (Hall & Oates), May Pang (som var kjærasten til John Lennon frå 1973–1975 og som seinare gifta seg med Tony Visconti) og Alan Hunter, som vart ein av dei første programvertane på MTV.

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

«Fashion» var den andre singelen frå Scary Monsters og den første som kom ut etter albumet kom ut i september 1980. Den redigerte singelversjonen nådde femteplassen i Storbritannia[1] og 70. plassen i USA. I Noreg nådde singelen niandeplass. Det britiske singelomslaget var ein variant av plateomslaget til platesamlinga Best of Bowie frå 1980.[4]

Songen vart rangert på topp ti-lista til NME over dei beste songane frå 1980.[10]

Songen vart nytta i filmen Clueless. Under avslutningsseremonien til sommar-OL 2012 i London vart «Fashion» nytta under ein hyllest til britisk moteindustri.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Bowie framførte songen på dei fleste turenane sine etter 1980, inkludert Serious Moonlight-turneen (1983), Glass Spider-turneen (1987), Sound+Vision-turneen (1990), Earthling-turneen (1997), Heathen-turneen (2002) og Reality-turneen (2003-2004). Songen kom ut på to konsertvideoar: Serious Moonlight (1983) og Glass Spider (1988).

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane skrivne av David Bowie.[11]

  1. «Fashion» – 3:23
  2. «Scream Like a Baby» – 3:35

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1980–1981) Plassering
Australia (Kent Music Report) 27
Irish Singles Chart[13] 11
New Zealand (RIANZ)[14] 22
Noreg (VG-lista)[15] 9
Sør-Afrika[16] 8
Sverige (Sverigetopplistan)[17] 7
UK (Official Charts Company)[18] 5
U.S. Billboard Hot 100[19] 70
Tyskland (Media Control AG)[20] 34

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Frank Black - Konsertopptak med Bowie i januar 1997
  • Dandy Warhols - Sampla songen i «I Am a Scientist» på albumet Welcome to the Monkey House
  • Die Lady Di - Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (1998)
  • Glamma Kid - Singel som «Fashion '98» (1998)
  • High Blue Star - .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006)
  • Botox - BowieMania: Mania, une collection obsessionelle de Beatrice Ardisson (2007)
  • The Sunburst Band - Moving with the Shakers (2008)
  • Afghan Raiders - We Were So Turned On: A Tribute to David Bowie (2010)
  • Grum - Heartbeats (2010)
  • Bratz - på albumet Forever Diamondz (2006)
  • Glee - i ein musikkvideo for Vogue (2011)
  • Trent Reznor, Mariqueen Maandig og Atticus Ross framførte songen som ein del av hyllestkonserten til Mike Garson for Bowie kalla A Bowie Celebration: Just For One Day (2021)[21]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Official Singles Chart Top 75 26. oktober 1980 - 01. november 1980». 
  2. Sheffield, Rob (18. august 2016). «Rob Sheffield on David Bowie's Essential Albums». Rolling Stone. Henta 9. august 2021. 
  3. 3,0 3,1 Petridis, Alexis (19. mars 2020). «David Bowie's 50 greatest songs – ranked!». The Guardian. Henta 31. august 2021. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.113-114
  5. 5,0 5,1 5,2 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.75-76
  6. «Rocklist.net...NME End Of Year Lists 1980...». www.rocklistmusic.co.uk. Henta 31. august 2021. 
  7. 7,0 7,1 David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.372-374
  8. David Buckley (1999). Ibid: s.207
  9. Angus MacKinnon (1980). «The Future Isn't What It Used to Be». NME (13. september 1980): p.37
  10. «Albums and Tracks of the Year». NME. 2016. Henta 31. august 2021. 
  11. «Fashion» (Single liner notes). David Bowie. UK: RCA Records. 1980. BOW 7/PB 9622. 
  12. «A NEW CAREER IN A NEW TOWN (1977 – 1982) - David Bowie Latest News». DavidBowie.com. 22. juli 2016. Arkivert frå originalen 29. juli 2014. Henta 24. august 2021. 
  13. «Fashion in Irish Chart». IRMA. Arkivert frå originalen 3. juni 2009. Henta 28. juni 2013.  4th result of the 1st page when searching «Fashion»
  14. "Charts.org.nz – David Bowie – Fashion". Top 40 Singles. Hung Medien.
  15. "Norwegiancharts.com – David Bowie – Fashion". VG-lista. Hung Medien.
  16. Samson, John. «Fashion in South African Chart». Henta 28. juni 2013. 
  17. "Swedishcharts.com – David Bowie – Fashion". Topp 60. Hung Medien.
  18. «1980 Top 40 Official UK Singles Archive - 22nd November 1980». Official Charts Company. Henta 28. juni 2013. 
  19. «Scary Monsters awards on Allmusic». Allmusic. Henta 28. juni 2013. 
  20. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  21. Rettig, James (10. januar 2021). «Watch Trent Reznor Cover «Fantastic Voyage» & «Fashion» For David Bowie Tribute Livestream». Stereogum. Henta 10. januar 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]