Fashoda-striden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Sentral- og Aust-Afrika i 1898 med Fashoda avmerkt. Dei britiske koloniane er farga i raudt og dei franske i blått. Sudan (i brunt) kom under kontroll av britiske styrkar frå om lag 2. september dette året.

Fashoda-striden var ein fransk-britisk konflikt i Afrika som tok til i 1898. Etter madhistoppreisten trengde britiske troppestyrkar under leiing av Herbert Kitchener på denne tida sørover for å ta Sudan attende. På same tid kom ein fransk styrke under leiing av Jean-Baptiste Marchand austover frå dei franske områda i vest. I 1898 møtte dei to styrkane kvarandre ved Fashoda (no Kodok). I tida som fylgde kom det til ei farleg krise mellom dei to stormaktene, men til slutt vart konflikten løyst slik at ein i 1899 vart samde om at Storbritannia skulle rå over Aust-Afrika og Nilvassdraget, medan Frankrike skulle rå over Vest-Afrika og Kongovassdraget. Denne avtalen var ein viktig føresetnad for den fransk-britiske venskapen i dei neste tiåra.

I dag blir nemninga Fashoda-kompleks eller Fashoda-symptom nytta om ein ambisiøs eller ovmodig fransk politikk på det afrikanske kontinentet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Helland, A. H. (1952). Fashoda-striden. I Norsk allkunnebok. IV. bandet (s. 219). Oslo: Fonna Forlag.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tvedt, K.A. (7. februar 2019). Fashoda. I Store norske leksikon. Henta 1. april 2020.