Faste Svendsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Faste Svendsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. september 1842
Haltdalen
Død

6. desember 1926 (84 år)
Trondheim

Yrke predikant
Faste Svendsen på Commons

Faste Svendsen (18421926) var ein norsk vekkingspredikant, fødd på Nordpå oppe i Aunegrenda i Holtålen, i stova som no er Trondhjem Turistforening si mest kjende vandrarheim.

I motsetnad til så mange andre av frendefolka til Mons Lie, er det ikkje eit papir att etter Faste Svendsen. Han berre tala. Kyrkjene fylte seg frå Oslo til Seattle. I 1886 stifta Svendsen Trøndelag Indremisjonskrets på eit lekmøte i Trondheim. Det var òg i denne byen han døydde.

Ein son, Peder Svendsen (1868-1933), var fråhaldspredikant, medan den yngre sonen Morten Svendsen (1878-1959) skipa Trondheim symfoniorkester i 1909 og leia det gjennom mange år.