Fastelavn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fastelavnopptog i Danmark på 1800-talet.
Fastelavn feira med karneval i Rio de Janeiro.
Foto: Sergio Luiz

Fastelavn (frå mellomplattysk vastel-avent, eigentleg 'fasteaftan') er dei tre dagane før faste i nordeuropeisk tradisjon.[1][2]

Tidlegare vart nemninga brukt på kvelden før fasta, som byrjar oskeonsdag. Deretter vart ho utvida til å omfatte heile fastelavnssøndag, blåmåndag og feittysdag.

I mange land brukar dei ordet karneval på tida før faste. I Noreg vil dei fleste likevel vise til utkledingsfestar, ein av skikkane knytt til fastelavn, når dei seier «karneval».

Fastelavnssøndag vil alltid falle på ein søndag 49 dagar (7 veker) før 1. påskedag, det vil seia i tidsrommet 1. februar til 7. mars, eller i skotår 2. februar til 7. mars.

År Dato for fastelavn
2023 søndag 19. februar
2024 søndag 11. februar
2025 søndag 2. mars
2026 søndag 15. februar

Heidenske skikkar[endre | endre wikiteksten]

Fleire heidenske skikkar vart tekne med i fastelavnsfeiringa. Desse skikkane spelte på overgangen frå vinter til vår. Best bevart er fastelavnsriset, som vart bruka som ein fruktbarheitsvekkar. Både jorda framom plogen, tre, dyr og kvinnene i familien fekk seg ein runde med riset.

Andre skikkar var utkledningsleikar, våpenkampar, brenning av rituelle bål, og det noko sære med å spenne nakne jomfruer framom plogen.

Fastelavn i dag[endre | endre wikiteksten]

Fastelavn blir ofte forbunde med karneval, både i Noreg og i utlandet. Her heime er det gjerne ungane som kler seg ut. Nokre av dei mest kjende karnevala utanlands finst i Rio de Janeiro, New Orleans, Venezia og Luzern.

Det er vanleg å plukke inn bjørkegreiner og laga fastelavnsris. Typisk kosemat under fastelavn er fastelavnsbollar og berlinerbollar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «fastelavn» i Nynorskordboka.
  2. Dybdahl, Audun (19. juni 2018). «Fastelavn». Store norske leksikon. Henta 3. mars 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fastelavn

Fastelavn

Faste