Fastkjevefisk
Fastkjevefisk | ||
| ||
Systematikk | ||
Rekkje: | Chordata | |
Underrekkje: | Vertebrata | |
Klasse: | Actinopterygii | |
Infraklasse: | Teleostei | |
Orden: | Tetraodontiformes |
Fastkjevefisk er ein orden beinfisk som omfattar omkring 360 artar i tropisk og temperert vatn. Dei fleste heldt til ved korallrev, men somme artar finst òg i elveos eller lever pelagisk. Gruppa er evolusjonært sett relativt gamal, om lag 40 millionar år, og har ingen nære slektningar i dag.
I Noreg er èin art registrert, månefisk.
Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]
Fastkjevefisk er ofte særs ulike frå den vanlege fiskekroppsbygnaden. Det er stor variasjon mellom dei ulike fiskane i gruppa, men dei har til felles at dei har fått mange av knoklane i kraniet sterkt redusert eller fjerna heilt.
Gruppa manglar skjel i tradisjonell forstand, sjølv om mange artar har fått dei omdanna til piggar, plater eller skjold. Bortsett frå månefiskfamilien har dei symjeblære.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Jonsson, Bror: «Månefisk» i Norges dyr - fiskene 2, Cappelen 1992
- FishBase