Fastlands-Kina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fastlands-Kina er eit ofte nytta omgrep om dei områda som vert kontrollert av Folkerepublikken Kina, utan dei administrative regionane Hong-Kong og Macao, og vidare til forskjell frå den delen av Kina som vert kontrollert av Republikken Kina (det vil seie Taiwan og somme andre øyar).

Årsaka til at denne språklege konstruksjonen ofte er tenleg er blant anna at:

  1. Det finst to statar som kontrollerer kvar sin del av Kina og begge gjer krav på å vere den rettmessige kinesiske regjeringa. Begge statane insisterer på at Kina er eit land, og at områda bør sameinast att.
  2. Utanlandske diplomatar og andre har ofte behov for å referere til den staten som i daglegtalen vert omtala som «Kina» (Folkerepublikken Kina) utan implisitt å gje uttrykk for eit syn i konflikten mellom de kinesiske statane.
  3. Hong-Kong og Macao, som er ein del av Folkerepublikken Kina, avvik likevel sterkt frå Folkerepublikken i styresett, nyare historie og økonomi.
    Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.