Fate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fate
Utviklar(ar)WildStudios, WildTangent
Utgjevar(ar)WildTangent, Encore Software
DistributørSteam, Humble Store, GOG.com
Design(ar)Travis Baldree
SerieFate
Siste versjon1.23
Plattform(er)Microsoft Windows, macOS
UtgjevingNA: 18. mai 2005
SjangerAction-rollespel
SpelemodusEinspelar
Aldersgrense10+
Stødde einingartastatur, datamus
Nettstadhttp://games.wildtangent.com/fate/default.html
Del av serien Fate⠀

Fate er ein action-rollespel 2005 til PC utgjeve av WildTangent. Handlinga går føre seg i byen Grove, der spelaren lagar ein karakter som får oppdrag og må slåst mot farlege vesen.

Spelet har tre oppfylgjarar, Fate: Undiscovered Realms, Fate: The Traitor Soul og Fate: The Cursed King, som kom ut i 2008, 2009 og 2011. Fate er rangert E10 + (for alle 10 år og oppover) for mild vald. Fate blei òg utgjeve på Steam den 12. desember 2013.

Fate fekk generelt positive tilbakemeldingar. GameSpot synest det var «gøy og avhengingheitskapande», og eit spel av «høg kvalitet».[1]

Oppsett[endre | endre wikiteksten]

Fate er eit fantasy action rollespel tett modellert etter det opphavlege Diablo-spelet. Denne typen spel er òg kjend som «dungeon crawler», der spelaren sin karakter må gjennom eit stadig vanskelegare nivå av eit fangehol og slåst monster, fullføra oppdrag, samla verdifulle gjenstandar og gull, og forbetra eigenskapane og ferdigheitene til karakteren sin. Fangehola i Fate har tilfeldig laga oppbygging, skattar og monster for kvart nivå.

Spelaren kan velje mellom å ha ein hund eller katt som kan kjempa på spelaren sitt lag, bæra gjenstandar og meir. Når spelaren har fått nok erfarings-poeng, kjem karakteren opp i nivå og får fem eigenskaps-poeng i tillegg til to ferdigheits-poeng.

Dersom spelaren døyr, kjem mannen med ljåen og gjer spelaren tre moglegheiter. Karakteren kan anten kome til live att der dei døydde med erfarings-poeng eller berømt-poeng som betaling, bli transportert til eit nivå i nærleiken for gull som betaling, eller bli transportert tre nivå opp for alt gullet spelaren har.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Spelet startar i byen Grove. I utkanten av byen er dei gamle fangehol der mange eventyrarar prøver lykka si. Spelaren tek rolla som ein av desse eventyrarane, blir tildelt eit tilfeldig laga oppdrag i byrjinga av spelet som vil ta dei til det omtrent 45-50. etasjen i fangeholet. Undervegs blir tilfeldig laga tilleggs oppdrag gjort tilgjengeleg for spelaren av folket i Grove. Til slutt fullfører spelar det primære oppdraget ved å overvinna boss-monsteret.

Tilbakemelding[endre | endre wikiteksten]

Fate vart positivt motteke av kritikarar og fekk ein gjennomsnittleg score på 86,13% på Gamerankings[2] og ein score på 84% på Metacritic.[3]

Greg Kasavin i Gamespot kalla spelet «eit spel av høg kvalitet som leverar godt med eit konsept som ikkje er ambisiøst, men er kjend for å vera morosamt og avhengigheitsskapane».[1] William Abner i GameSpy gav ros til spelet for å ha sjarm, grafikken-stilen til spelet, kjæledyr-animasjonane og ha ei «elegant utforming».[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Kasavin, Greg (20. juni 2005). «Fate Review for PC» (på engelsk). Gamespot. Henta 4.oktober 2015. 
  2. «Fate for PC» (på engelsk). GameRankings. Henta 4.oktober 2015. 
  3. «Fate (pc) Reviews» (på engelsk). Metacritic. Henta 4.oktober 2015. 
  4. Abner, William (11. oktober 2005). «Fate Review» (på engelsk). Gamespy. Henta 4.oktober 2015.