Fateh Ali Khan (1901–1964)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fateh Ali Khan
Fødd1901
FødestadJalandhar i Panjab i India
Død1964
OpphavPakistan, Britisk India
SjangerQawwali
InstrumentVokal, harmonium, tabla
Verka sommusikkforskar, Storyteller, songar
BornNusrat Fateh Ali Khan, Farrukh Fateh Ali Khan
PrisarPride of Performance

Fateh Ali Khan (19011964) var ein hindustani- og qawwalimusikar frå Britisk India og seinare Pakistan. Han var ein kjend qawwalisongar[1] som var verksam på 1940- og 1950-talet, og var far til dei kjende artistane Nusrat Fateh Ali Khan og Farrukh Fateh Ali Khan.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Fateh Ali Khan var fødd 1901, i Jalandhar i Panjab i Britisk India. Han kom frå ein gammal qawwalifamilie, og fekk opplæring av far sin, Maula Baksh Khan. Fateh Ali Khan lærte å spela sitar, sarod og vitsjitra-vina (vichitra veena), i tillegg til vestlege instrument som fiolin. Han lærte også vers på panjabi, urdu, arabisk og persisk.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Fateh Ali Khan var leiar for familiegruppa «Fateh Ali Khan, Mubarak Ali Khan & Party». Broren Mubarak Ali Khan song og spelte harmonium i gruppa. Begge var rekna som nokre av dei fremste qawwali-artistane i samtida si. Dei er gjevne mykje av æra for å gjera dikta til Muhammad Iqbal kjend for eit større publikum..[2] Iqbal si dikting var omtykt i akademiske og intellektuelle krinsar, men var rekna som vanskeleg å tonesetja og synga. Fateh Ali Khan og Mubarak Ali Khan brukte den nye massemediateknologien under utvikling i Britisk India til å gjera han meir populær blant allmogen.[3]

Etterkomarar[endre | endre wikiteksten]

I 1948 blei sonen hans Nusrat fødd i Faisalabad i Pakistan. Fateh Ali Khan ville at Nusrat skulle bli lege eller ingeniør ettersom han følte at qawwali-utøvarar hadde låg sosial status. Då Nusrat likevel viste store interesse og evner for qawwali, gav faren etter, og byrja å læra han opp. Fateh Ali Khan døydde i 1964 då han var 63 år gammal, og Nusrat berre 16. Nusrat si opplæring blei fullført av brørne til Fateh Ali Khan, Mubarak Ali Khan og Salamat Ali Khan.[4] Fateh Ali Khan-familien er sidan blitt verdskjende for sin qawwalimusikk.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «qawwali», Encyclopædia Britannica, 27. juli 2012 
  2. Fateh Ali Khan syng eit dikt av Muhammad Iqbal. Opptak frå Radio Pakistan på YouTube, henta 3. juni 2016
  3. Ahmed Aqeel Ruby, Nusrat Fateh Ali Khan: A Living Legend, translated by Sajjad Haider Malik, Lahore: Words of Wisdom, (1992)
  4. Manorma Sharma (2006), Tradition of Hindustani Music, APH Publishing, s. 109  Den ukjende parameteren |url-https://books.google.fr/books?id= vart ignorert (hjelp)