Don't Eat the Yellow Snow Suite

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Father O'Blivion)
Hopp til navigering Hopp til søk
Don't Eat the Yellow Snow
av Frank Zappa
frå albumet Apostrophe (')
B-side Cosmik Debris
Utgjeve august, 1974
Sjanger Komedierock, eksperimentell rock, progressiv rock
Lengd 3:26 (singelversjon)
10:52 (alle delane i lag)
Selskap DiscReet Records
Rykodisc
Låtskrivar(ar) Frank Zappa
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi
«Cosmik Debris»
(1974)
Don't Eat the Yellow Snow «Du Bist Mein Sofa»
(1975)


«Don't Eat the Yellow Snow Suite» er dei fire første songane på Frank Zappa-albumet Apostrophe ('), «Don't Eat the Yellow Snow», «Nanook Rubs It», «St. Alfonzo's Pancake Breakfast» og «Father O'Blivion.» Kvar song i suiten er laust knytte saman, sjølv om songane ikkj er knytte saman i ei samla soge eller felles tema. Suiten vart berre spelt i heilskapen sin frå 1973 til 1974 og 1978 til 1980. På «Saint Alfonzo's Pancake Breakfast» spelar perkusjonisten Ruth Underwoodmarimba, og ho tilførte ein særegien stil til mange av songane til Zappa tidleg i 1970-åra.[1]

Soge[endre | endre wikiteksten]

Watch out where the huskies go,
and don't you eat that yellow snow

Frank Zappa (1974)

«Don't Eat The Yellow Snow» er ein song om ein mann som drøymer at han er ein eskimo kalla Nanook. Mor hans åtvarar han «Watch out where the huskies go, and don't you eat that yellow snow» (Pass deg for hundane og ikkje et den gule snøen).[2] Songen glir rett over i «Nanook Rubs It.» Den songen handlar om Nanook som møter ein pelsjeger «strictly from commercial» som piskar favorittselen til Nanook med ei «blytung truge.» Til slutt vert Nanook så sint at han gnir «husky wee wee» inn i augo på pelsjegeren slik at han ikkje kan sjå noko. I følgje Zappa vart det meininga at denne skulle erstatte «The Mud Shark» (ein song frå konsertalbumet Fillmore East – June 1971) i Zappa-mytologien. Zappa syng så i perspektivet til pelsjegeren. Pelsjegeren kjem seg så til soknet St. Alfonzo, og introduserer den neste songen «St. Alfonzo's Pancake Breakfast.» [3] I denne songen gjer mannen i songen som vitjar St.Alfonzo's Pancake Breakfast fleire ting som å stjele margarinen, tisse på bingokorta og sprenge toalettet. Den siste songen i suiten er «Father O'Blivion», som handlar om ein mann kalla Father Vivian O'Blivion, som lagar pannekaker for St. Alfonzo. Songen handlar så brått om ein gnom som masturberer inn i ein sokk og gnomen meiner at St. Alfonzo ville ha vore stolt av han for at han gjer dette. Han seier så den latinske frasen «Dominus vobiscum Et cum spiritu tuo (som tyder «Herren vere med deg og anda di.»). Won't you eat my sleazy pancakes just for Saintly Alfonzo.» Det er mange tolkingar om kvifor pannekakene er «sleazy». Suiten følgjer berre laust ei soge, og vert berre omtalt som eitt stykke på grunn av dei musikalske overgangane og måten songane glir over i kvarandre på, og korleis dei refererer til tidlegare songar.[4]

Rollo[endre | endre wikiteksten]

«Rollo» var eit musikkstykke som høyrte til den originale suite, men Zappa valte å ikkje ta med heile på albumet. I staden la han til hovuddtemaet på «Rollo» som instrumentale i den andre halvdelen på «St. Alphonzo's Pancake Breakfast».[5] Den einaste kjende innspelinga der heile suiten vert spelt finst på konsertalbumet You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 1, der han vert spelt på Hammersmith Apollo (Hammersmith Odeon), i London, den 18.-19. februar 1979. Heile stykket finst òg på QuAUDIOPHILIAc og konsertalbumet Imaginary Diseases. Sjølve stykket vart skriven under rekonvalesensen til Zappa etter skadane han fekk i desember 1971, då han vart skubba av scenen i London av ein fan. Det originale stykket hadde ein tekst som omhandlar «ein mann og ein hund» (hunden heitte «Rollo») som møter eit par i ein slags elskovsakt. Stykket vart framført med vokal under det meste av Grand Wazoo Orchestra-turneen til Zappa i september 1972. Ei stund etter denne turneen valte Zappa å droppe teksten og spele han som ein instrumental, og etter kvart fann det vegen til å bli Yellow Snow-suiten. I 1978 henta Zappa fram att suiten og endra teksten (sungen av klaverspelaren Tommy Mars). Rollo vart framført den 21. oktober 1978 då Zappa var på Saturday Night Live. På TV-sendinga vart vokalen til Tommy Mars modulert ved hjelp av ein vocoder for å unngå at kanalen sensurerte teksten i songen.[6]

Singelen[endre | endre wikiteksten]

Ein DJ i Pittsburgh korta ned albumversjonen av «Don't Eat the Yellow Snow» og «Nanook Rubs It» så han kunne spele dei på radio. Medan Zappa var på turné i Europa fekk han vite om suksessen til denne versjonen og valte å skape sin eigen nedkorta versjon då han kom attende til USA, og gav han ut som singel.[7] Denne versjonen inneheld noko av albumversjonen av «Don't Eat the Yellow Snow», det meste av «Nanook Rubs It», og introen til «St. Alfonzo's Pancake Breakfast.» Singelen finst på samleplata Strictly Commercial, som har tittelen sin henta frå teksten på songen «Nanook Rubs It».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"

A».Don't Eat The Yellow Snow» – 3:26 (inneheld Don't Eat The Yellow Snow, Nanook Rubs it og introen på St.Alfonzo's Pancake Breakfast)
B.«Cosmik Debris» – 4:10 [8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]