Biblia Pauperum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fattigbibelen)
Ei Biblia Pauperum-side frå 1400-talet.

Biblia Pauperum, latin for «Dei fattige sin Bibel», er namnet på eit illustrert, oppbyggjeleg skrift på latin frå mellomalderen. Hovudføremålet med Biblia Pauperum er å overtyde om at dei hendingane og profetiane som er skildra i Det gamle testamentet, syner til det som vert skildra og sagt i det nye.

Biblia Pauperum er difor ingen Bibel i vanleg meining, men eit utval tekstar frå Det gamle testamentet som er samanstilt med eit utval frå Det nye testamentet på ein måte som skal prove at dei høyrer saman på det viset at det som er skildra i det gamle, varslar om det som er skildra i det nye. Denne måten å tolke Det gamle testamentet på, som vert kalla typologi, var i mellomalderen rådande når det galdt å sjå ein samanheng mellom dei to testamenta. Ikkje berre Biblia Pauperum, men kyrkjekunsten i det heile, skulle rette seg etter denne tolkinga i alle aktuelle høve. Difor vil Biblia Pauperum kunne vere ein nøkkel til å skjøne bodskapen i annan kyrkjeleg mellomalderkunst, anten det gjeld den kunsten som er å sjå i sjølve kyrkjerommet, eller som bokmåleri, gullsmedarbeid osb.

Dei eldste eksemplara av Biblia Pauperum er handskrift med handteikningar som ser ut til å stamme frå Sør-Tyskland. Somme av dei vart kopierte i si tid, og det danna seg ulike typar. Men sams for alle er at bileta og teksten for kvart tema er samla på ei side. I åra rundt 1450 tok ein til å snitte kvar side med tekst og bilete ut i treblokkar og prente bøker ved å nytte desse tresnitta som stempel på papir eller på pergament (preparerte, tynne skinn frå dyr). I nokre høve vart bileta kolorerte for hand etterpå. Dei fleste av desse tresnittutgåvene hadde førti blad, einskilde bøker frå rundt år 1500 kunne ha femti blad.

Eit eksemplar av ei tresnittutgåve frå om lag 1450 i Bibliothèque National i Paris kan stå som døme på ein av dei mest utbreidde versjonane, og det er vanlegvis denne utgåva som vert rekna for mest høveleg å reprodusere i dag. På alle blada er teksten tilpassa tre dominerande bilete som er sett ved sida av kvarandre, med ei scene som gjeld Jesus i det midterste biletet, og i dei alle fleste tilfella med hendingar frå Det gamle testamente i dei to sidebileta, der det eine gjeld hendingar i tida før Moselova, det andre i tida etter, eller med andre ord, hendingar før og under Moselova (ante legum og sub lege, som dei sa på latin i den tida boka vart prenta). Det som er synt i desse to sidebileta var å sjå på som varsel eller profeti om det som er skildra om Jesus i midtbiletet.

Kva slags fattige denne latinske «fattigbibelen» var mynta på, er uklårt, ettersom det latinske ordet for fattig, pauper, hadde fleire meiningar og nyansar i mellomalderen. Ordet pauper var ikkje fyrst og fremst eit uttrykk for ufriviljug skort på pengar og eigedom, men kunne nyttast i kyrkjeleg samanheng om dei som med vitande og vilje gav avkall på pengar og rikdom for å leve slik som Jesus kravde, som til dømes munkar og nonner, geistlege og preikebrør. Ordet vart dessutan nytta om folk som ikkje var sakkunnige på det aktuelle feltet, men det høver dårleg å nytte ordet på den måten i samband med ei bok som ein ikkje kan lese utan gode kunnskapar i latin. Ettersom bileta skal prove den påståtte sanne samanhengen mellom tekstbolkane frå Bibelen, er det naudsynt å kjenne teksten for å skjøne meininga med det som er skildra i bileta.

Med reformasjonen på midten av 1500-talet vart det endringar i både tolkinga av Bibelen og måten han vart nytta på, og tida for Biblia Pauperum var ute.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Biblia Pauperum i Bibliothèque National i Paris er utgjeve som ein dansk reproduksjon med historisk oversyn, forklåring og dansk omsetjing av den latinske teksten:

  • Biblia Pauperum : billedbibelen fra middelalderen : Med indledning og oversættelse af Knud Banning, København: G.E.C Gads Forlag 1991 [1987]. ISBN 87-12-05603-0