Fattigmannshamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fattigmannshamn
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fitjar
Gardnummer 45

Fattigmannshamn er ein gard på austsida av øya Ålforo i Fitjar kommune med Engesundsleia i aust. I sør ligg garden Tangen. I Vest går Nyleia og i nord ligg gardane Kuvikjo og Sætrevikjo.

Garden var opphavleg ein husmannsplass under Fitjargarden, men vart skyldsett i 1723 og vart frå då av rekna som ein eigen gard. I 1755 selde Ole Michelsen Tosche garden til brukaren Jon Davidson. Seinare har brukarane vore sjølveigarar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet er gjeve i nedsetjande tyding. Like sørover i leia i Spissøyhavn er det truleg at munkane på Halsnøy kloster hadde «hospits» i gamma tid (som øya har fått namn etter). Her kunne reisande søkje hamn og husly, få vatn og koke mat, mot betaling. Munkane var ikkje likesæle om pengar og gods, og det er trudd at dei som har gjeve Fattigmannshamn namnet sitt, fordi folk tok til hamn her og ikkje ville betala for tenestene til munkane.

Namnet har blitt skrive Aalferhavn, Fattigmandshavn, Fattigmandshafn, Olforhafn, Aalforehafnen og Alforehavn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge. 1. Fitjar.