Faubourg Saint-Germain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Faubourg Saint-Germain

Kart over Faubourg Saint-Germain
Kart over Faubourg Saint-Germain, ca. 1790

Plassering

Faubourg Saint-Germain
48°51′29″ N 2°19′12″ E

Faubourg Saint-Germain er ein historisk bydel i Paris. Bydelen har namn etter Germanus av Paris, medan Faubourg tyder 'forstad'. Han består av område som no hovudsakleg høyrer til den austlege delen av 7. arrondissement mellom Hôtel des Invalides, Quai d'Orsay og abbediet Saint-Germain-des-PrésRive Gauche. Området var lenge rekna som midtpunkt for dei fornemme aristokratiske samfunnslaga. I dag er han prega av Musée d'Orsay, Palais Bourbon, Musée Rodin, Boulevard Saint-Germain, Rue du Bac og ei rekkje fornemme hôtels particuliers og kafear.

Området fekk bymessig busetnad frå 1600-talet av.

Forfattarar som François-René de Chateaubriand, Honoré dei Balzac, Edgar Allan Poe og Marcel Proust har skildra forstaden inngåande littererært og som synonym for det høgste sosiale sjiktet i byen. Hannah Arendt skildra området i essayet Faubourg Saint-Germain.[1] Proust sine figurar i kapittelet Sodoma og Gomorra i À la recherche du temps perdu framhevar området som eit døme på rotløysa til den franske assimilerte jødedom.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hannah Arendt: Elemente und Ursprünge totaler Herrschaft, s. 149 - 155.