Fauskanger barne- og ungdomsskole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fauskanger barne- og ungdomsskole er ein barne- og ungdomsskole som ligg nord på Askøy. Skolen er den einaste kombinerte barne- og ungdomsskolen i Askøy kommune. I alt har Fauskanger barne- og ungdomsskole 202 elevar og 35 tilsette. Skolen ligg på Fauskanger, ca. 20 km. frå kommunesenteret Kleppestø.

Barnetrinnet[endre | endre wikiteksten]

Elevane på barnetrinnet kjem frå kretsen Nordre Askøy frå Fauskanger og nord til Herdla. (Sjå Grunnkretsar i Askøy kommune for meir informasjon angåande skolekretsar.)

Ungdomstrinnet[endre | endre wikiteksten]

Ungdomstrinnet på skolen har også elevar som er ferdige med barnetrinnet på Træet skule inkludert.

SALTO[endre | endre wikiteksten]

Skolen har også ansvar for SALTO, «askøySkolenes ALTernative Opplæring», som er det alternative skoletilbodet. Dette held til på Herdla, på tidlegare Herdla fort, 10 km nord for Fauskanger. Tilbodet har dagleg kapasitet på fire elevar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]