Fausta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fausta

Føddca. 289
Roma
Død326
Roma
TittelRoman Empress
Alle titlarAugusta
Hus eller slektdet konstantinske dynastiet
LandRomarriket
MorEutropia
FarMaximianus av Romarriket
EktefelleKonstantin den store
BarnConstantina, Konstantius II av Romarriket, Konstantin II av Romarriket, Konstans av Romarriket, Helena

Flavia Maxima Fausta (289326) var ei romersk keisarinne og keisardotter. Ho blei gift bort med Konstantin den store av faren Maximianus for å stadfest alliansen deira om kontroll over tetrarkiet. Dei blei gifte i 307, og fekk seks barn saman. I 326 døydde Fausta, truleg avretta etter ordre frå Konstantin, av uklare grunnar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Fausta, som Salus, held dei to sønene sine Konstantin II og Konstantius II på ein follismynt.

Fausta var fødd i Roma som dotter av keisar Maximianus og keisarinne Eutropia, ei kvinne frå Syria. Den eldre broren hennar Maxentius blei keisar over Vestromarriket.

Fausta og Konstantin blei trulova i 293 og gifte i 307. Konstantin sende bort kona si Minervina for å gifta seg med Fausta. Dei fekk seks barn: Constantina, dei seinare keisarane Konstantin II, Konstantius II og Konstans, den seinare keisarinna Helena og Fausta.

I 310 la Maximianus planar om å snikmyrda Konstantin. Han involverte dotter si i planane, som fortalde dei vidare til ektemannen slik at dei blei stoppa. Maximianus døydde i juli same året, for eiga hand eller snikmyrda.

Konstantin hadde stor vyrdnad for Fausta, og i 324[1] blei ho gjeven tittelen augusta, tidlegare hadde ho hatt tittelen nobilissima femina.

To år seinare var likevel Fausta død og fordømd, truleg avretta på ordre frå Konstantin. Han hadde tidlegare same året avretta sonen Crispus frå det første ekteskapet sitt. Konstantin fordømde minnet om begge to. Dei blei derfor lite omtalte av samtidige, og grunnen til avrettingane er ikkje stadfesta.

Dødsfall[endre | endre wikiteksten]

Ein har knytt dei to dødsfalla saman på ulike måtar. I ei forklaring er Fausta vend mot Crispus i sjalusi, som i den anonyme Epitome de Caesaribus,[2] eller at ho var utru, kanskje med stesonen, som var nær henne i alder. Ifølgje Epitome de Caesaribus blei Fausta avretta ved å kastast i kokande vatn.[3] Kyrkjehistorikaren Fotios I av Konstantinopel fortel at Philostorgius sa ho blei kvelt i eit varmt bad.[4] Historikaren Zosimus fortel at ho blei stengd inne i eit overoppvarma bad til ho døydde.[5] Denne avrettingsmåten er ikkje kjend elles frå den romerske verda. David Woods peiker på ein mogleg samanheng mellom varme bad og samtidige teknikkar for å framkalla abort, noko som kan peika på eit uønskt svangerskap som følgje av utruskap. Woods peiker på at det er mogleg at dødsfalla skjedde ved at Crispus tok gift sjølv etter at han blei send i eksil, medan Fausta kan ha omkome som følgje av eit forsøk på å framkalla abort. Konstantin skal ha fordømt minnet om dei for å skjula dei skamfulle omstenda rundt dødsfalla.[6]

Ettersom keisaren fordømde minnet (damnatio memoriae) om Crispus og Fausta, finst det ingen samtidige nedteikningar om endeliktet deira. Dei blei også skrivne ut av biografiar, til dømes nemner Eusebius ikkje nokre av dei i biografien sin over Konstantin frå rundt 338.[7] Denne fordømminga blei aldri trekt attende, verken av Konstantin sjølv eller av sønene til Kontantin og Fausta etter at dei kom til makta.

Alle sønene til Fausta blei romerske keisarar: Konstantin II, som herska 337–340, Konstantius II, som herska 337–361, og Konstans, som herska 337–350. Dottera Constantina blei gift med to ulike syskenbarn, fyrst Hannibalianus og seinare Constantius Gallus, og Helena blei gift med keisar Julianus. Ein påstand om at den siste dottera hennar, Fausta, skal ha vore mor til keisar Valentinian I verker ikkje ha rot i sanning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 8. november 324 i følgje prof. dr. dr. Klaus Rosen, Konstantin der Grosse: Kaiser zwischen Machtpolitik und Religion, Klett-Cotta, Stuttgart 2013, ISBN 978-3-608-94050-3, s. 248–249.
  2. 41.11–12
  3. Schlumberger:, Jörg A. (1974). Die Epitome de Caesaribus. Untersuchungen zur heidnischen Geschichtsschreibung des 4. Jahrhunderts n. Chr. Munich: C.H. Beck. s. 41.11–12. 
  4. «EPITOME OF THE ECCLESIASTICAL HISTORY OF PHILOSTORGIUS, COMPILED BY PHOTIUS, PATRIARCH OF CONSTANTINOPLE.». Sett om av EDWARD WALFORD, M. A. London: Henry G. Bohn, York Street, Covent Garden. 1855. 
  5. Woods, D. (1998). «On the Death of the Empress Fausta.» (PDF). Greece and Rome 45.1: 70–86. 
  6. David Woods, "On the death of the empress Fausta", Greece and Rome 45 (1998:70–86).
  7. Stephenson, Constantine, Roman Emperor, Christian Victor, 2010:220.