Faustina Bordoni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Faustina Bordoni

Fødd30. mars 1697
FødestadVenezia
Død4. november 1781 (84 år)
DødsstadVenezia
OpphavRepublikken Venezia
Instrumentvokal
Stemmetypemezzosopran
Verka somoperasongar, teaterskodespelar, songar
Gift medJohann Adolf Hasse

Faustina Bordoni (30. mars 16974. november 1781) var ein italiensk mezzosopran.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Faustina Bordoni, av Nazari

Bordoni var fødd inn i ein fornem venetiansk familie og fekk den kunstnariske utdanninga si blant anna av brørne Alessandro og Benedetto Marcello. Den italienske komponisten og songaren Michelangelo Gasparini var ein av medstudentane hennar.

Hausten 1716 gjorde Bordoni ein sensasjonell debut under premieren av Carlo Francesco Pollarolo sin opera Ariodante i Teatro San Giovanni Crisostomo i Venezia. Ho song ved denne og andre teaterscener i Venezia fram til 1725. I 1718 og 1719 opptredde ho saman med ein annan av dei store songarane i samtida, sopranen Francesca Cuzzoni.

Frå 1726 var Bordoni engasjert ved ulike teater i London. Georg Friedrich Händel skreiv fleire stykke for henne, og uttalte at han gjerne samarbeidde med henne. I 1727 opptredde ho igjen saman med Francesca Cuzzoni, denne gongen på King's Theatre i London. Under sesongavsluttinga 6. juni dette året slo dei to divaene laus på kvarandre på scena, ein episode som vekte slik merksemd at begge fekk engasjement over store delar av Europa. Bordoni opptredde dei neste åra i Parma, Firenze, Torino, Milano, Roma og Venezia, og var under desse turneane den best betalte songarinna i Europa.

I 1730 gifta Bordoni seg med den tyske komponisten Johann Adolf Hasse. Året etter var begge engasjerte ved Dresdner Hofoper. Her var ho prima donna fram til 1747, då stemmen hennes byrja å visa dei første aldringsteikna Hoffet fann ein etterfølgjar i sopranen Regina Mingotti, som sjølv om ho var engasjert som andresongarinne, snart låg i ein bitter konflikt med Bordoni. Tvisten blei først bilagd etter at Mingotti fekk eit års engasjement i Napoli i 1750. Året etter tok Bordoni avskjed med scena og Mingotti blei etterfølgjaren henna som prima donna i Dresden. Konflikten er dokumentert i ein korrespondanse mellom librettisten Metastasio og Pisendel.

Etter sjuårskrigen blei Dresdner Hofoper stengt, og Bordoni og ektemannen Hasse reiste til Wien der dei budde nokre år før dei slo seg ned i Venezia.[1] Dei fekk to døtrer som begge utdanna seg til songarar.

Medan rivalen Cuzzoni døydde i fattigdom, kunne Bordoni gleda seg over ein lukkeleg og velståande alderdom. Etter eit besøk i 1772 skildra Charles Burney henne som «ei lita, brunhårig, kjenslevar og livleg gammal [dame] … som enno har mykje igjen av … venleiken ho var så berømt for i ungdommen.»[2]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Constantin von Wurzbach: «Hasse, Faustina.» I Biographisches Lexikon des Kaiserthums Oesterreich. 8. Del. Kaiserlich-königliche Hof- und Staatsdruckerei, Wien 1862, s. 41 f. (Innscanning).
  • Robert Eitner: «Hasse, Johann Adolf». I Allgemeine Deutsche Biographie (ADB). Bind 10, Duncker & Humblot, Leipzig 1879, s. 755–758.
  • C. Burney, The Present State of Music in Germany, the Netherlands and United Provinces (1773)
  • C. Burney, A General History of Music (London, 1789), Vol. 4
  • Margarete Högg: Die Gesangskunst der Faustina Hasse und das Sängerinnenwesen ihrer Zeit in Deutschland. Eigenverlag, Dresden 1931, (Berlin, phil. Diss.), (gut, aber teilweise veraltet).
  • Kai Köpp: Johann Georg Pisendel (1687–1755) und die Anfänge der neuzeitlichen Orchesterleitung. Schneider, Tutzing 2005, ISBN 3-7952-1140-9, (Zugleich: Freiburg (Breisgau), Univ., Diss, 2002).
  • Panja Mücke: Johann Adolf Hasses Dresdner Opern im Kontext der Hochkultur. Laaber-Verlag, Laaber 2003, ISBN 3-89007-553-3, (Dresdner Studien zur Musikwissenschaft 4), (Zugleich: Marburg, Univ., Diss., 2000).
  • Elise Polko: Faustina Hasse. Musikalischer Roman. 2 Bände. Schlicke, Leipzig 1860.
  • Saskia Maria Woyke: Faustina Bordoni. Biographie – Vokalprofil – Rezeption. Lang, Frankfurt am Main u. a. 2010, ISBN 978-3-631-57950-3.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Constantin von Wurzbach: Hasse, Faustina i Biographisches Lexikon des Kaiserthums Oesterreich. Bind 8, Verlag L. C. Zamarski, Wien 1862, s. 41 f.
  2. «a short, brown, sensible, and lively old … with good remains … of that beauty for which she was so much celebrated in her youth.»