Favignana

Koordinatar: 37°56′N 12°20′E / 37.933°N 12.333°E / 37.933; 12.333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Favignana
Lokalt namn Isola di Favignana
Favignana by sett frå Monte Santa Caterina.
Favignana by sett frå Monte Santa Caterina.
Geografi
Stad Middelhavet
Koordinatar 37°56′N 12°20′E / 37.933°N 12.333°E / 37.933; 12.333
Øygruppe Dei egadiske øyane

Areal 37 km²

Høgaste punkt Monte Santa Caterina (314 moh.)

Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Sicilia
Trapani

Demografi
Folketal 4 106 (2001)
Folketettleik 111 /km²

Favignana (italiensk Isola di Favignana) er ei øy og ein kommune i Dei egadiske øyane i Middelhavet nordvest for Sicilia i Italia. Ho ligg om lag 7 km vest for kysten av Sicilia, mellom Trapani og Marsala, kystområdet der ein finn Stagnonelagunen og den internasjonale flyplassen til Trapani.

Øya er kjend for tunfisken som vert fanga her og er i dag ein populær turistdestinasjon med hydrofoilsamband til fastlandet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I antikken vart Favignana kalla Aegusa, som tyder 'Geiteøya'. Det noverande namnet kjem frå Favonio, eit italiensk namn for fønvind. Ho vart kolonisert av fønikarar, som nytta ho som mellomstasjon langs handelsrutene sine i Middelhavet.

Øya vart kjempa over under den første punarkrigen mellom Roma og Kartago. 10. mars 241 f.Kr. fann eit stort sjøslag stad like utanfor øya mellom dei to stormaktene. To hundre romerske skip under konsul Gaius Lutatius Catulus slo den mykje større kartagiske flåten på 400 skip. Romarane sokk 120 kartagiske fartøy og tok 10 000 fangar. Så mange fønikarar vart skylt i land på nordaustkysten av Favignana at kysten der fekk nanet «Raudbukta» (Cala Rossa) etter alt blodet. Romarane tok øya som ein del av avtalen som enda krigen.

Under det romerske styret tok øybuarane imot kristendomen300-talet, men dei ser ut til å ha halde på enkelte føniske skikkar. Favignana vart erobra av sarasenarane etter Romerriket sitt fall og vart nytta som base for den sarasenske invasjonen av Sicilia. Normannarane tok etter kvart øya i samband med deira invasjon og bygde festningsverk her. Då aragonesarane styrte øya vart Favigna og dei andre egadiske øyane leigd ut til genuesiske handelsmenn og på 1400-talet vart øyane gjeve bort til Giovanni de Karissima, som tok tittelen «Baronen av tunfisk».

Det rike bestandane av tunfisk i havområdet vart først systematisk utnytta under spanjolane frå om lag 1600-talet. Etter økonomiske problem under alle krigane deira, valde Spania å selje øyane til Marquis Pallavicino av Genova i 1637. Pallavicini utvikla økonomien på øya og grunnla den moderne byen Favignana rundt Castello San Giacomo. I 1874 selde Pallavicino-familien Dei egadiske øyane til Ignazio Florio, sonen til ein rik industrimann, for to millionar lire. Han investerte mykje i Favigna og bygde ein stor hermetikkfabrikk for tunfisk på øya. Det vart òg oppretta dagbrot etter kalktuff, som vart eksportert til Tunisia og Libya.

Øybuarane fekk det vanskelegare på 1900-talet, og dei økonomiske tilhøva dalte mellom dei to verdskrigane. Mange innbyggjarar flytta til fastlandet eller til utlandet. Økonomien betra seg derimot då turismen byrja å auke i 1960-åra.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Favignana er den største av dei tre egadiske øyane med eit areal på 37 km². Øya vert ofte skildra som å ha form som ein sommarfugl. Den austlege halvdelen av øya er relativt flat, medan den vestlege halvdelen består av ei rekkje åsar. Monte Santa Caterina er den høgaste på 314 meter over havet. På toppen her ligg det ei festning bygd av sarasenarane og som framleis er i bruk av det italienske militæret (og stengd for publikum). Fleire småøyar ligg utanfor sørkysten av Favignana.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Favignana