Faxe skipreide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kungälv, etterfølgjar til den forne byen Konghelle, var tingstad i Inlands Södre härad.

Faxe skipreide var ei skipreide i søre Båhuslen. Ho femna om soknene Ytterby, Romelanda, Kareby, Harestad, Torsby og Lycke, som i dag utgjer storparten av Kungälvs kommun.

Då heile Båhuslen vart svensk territorium etter freden i Roskilde i 1658 vart skipreidene i landskapet innlemma i den svenske heradsordninga, og Faxe skipreide vart omskipa til Inlands Södre härad.