Feda kommune

Feda er ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke[1][2], oppretta i 1900 og lagt ned i 1962.[1] Området er no del av Kvinesdal kommune.[1]
Kommunen femnde landet på begge sider av Fedafjorden,[2] og hadde same utstrekking som Feda sokn. Kommunesenteret låg i strandstaden Feda der Fedaelva renn ut. Feda var i eldre tid tingstad for bygdene kring, og staden har vore kyrkjestad sidan mellomalderen.[2]
Feda kommune grensa til Flekkefjord og Gyland i nord, Kvinesdal i aust og Lyngdal og Farsund i sør.
Kommunesoge
[endre | endre wikiteksten]Feda kommune vart skipa 1. januar 1900 ved at Feda sokn var skild ut frå Kvinesdal kommune (som då heitte Liknes) som eigen kommune.[1] Ved opprettinga budde det 1090 personar i kommunen. 1. januar 1963 vart området saman med Fjotland kommune slege saman att med Kvinesdal. Ved nedlegginga budde det 576 personar i kommunen.[1]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ånen Årli (1980). Feda : gards- og slektshistorie. Feda.
- Margit Løyland (1999). Fjordfolk : Fedas historie fra de eldste tider og fram til 1963. Kvinesdal: Kvinesdal kommune. ISBN 8299536006.
- SSB, red. (1962). Folketellingen 1. november 1960 : tellingsresultater : tilbakegående tall : prognoser : : 1038 Feda. 1962: SSB.