Fedje kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°46′54″N 4°42′50″E

Fedje kyrkje
kyrkje
none
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordhordland
Sokn Fedje sokn
Fellesråd Fedje
Type Langkyrkje
Arkitekt Ole Halvorsen
Teknikk Mur
Material Stein
Innvigd 7. september 1941
Altartavle Frå 1930, ei gåve frå utvandra norskamerikanarar
Sitjeplassar 400
Diverse Orgel frå Dresden (1979)

Fedje kyrkje er ei langkyrkje frå 1941 i Fedje kommune i Hordaland.

Byggverket er i stein og har 400 plasser. Kyrkja er teikna av arkitekt Ole Halvorsen.

Tidlegare kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Korhuset[endre | endre wikiteksten]

Den første kyrkja på Fedje vart bygt i 1659. Før den tid hadde det stått eit korhus, truleg der kyrkja står i dag. Fedje høyrte då til Lindås kyrkjesokn og sokneprest her i 1636 var Lytich Hansen Ovenstad. Han nemnte korhuset for første gong dette året og omtalte det som «æld gammelt» og at det var meir likt «et fæhuus» enn ei kyrkje.[1] Altarringen skal ha gjeve rom for fem-seks menneske om dei knelte tett rundt presten, og nattverden måtte han dele ut «med indkorted Arm», fordi det var så trongt om plassen. Den siste gudstenesta i dette korhuset vart halde 24. april 1659, tredje søndag etter påske, før det vart rive ned.[1]

Den første kyrkja[endre | endre wikiteksten]

I 1657 reiste den bergenske skiparen Anders Bastiansen frå Finnmark og heimover forbi Fedje då han vart råka av eit kraftig uvêr. Han bad til Gud og gav lovnad om at visst han berre kom seg heilberga til land skulle han gje ei pengegåve til kyrkja på denne staden. Dette vart Fedje og for pengane vart korhuset rive ned og ei ny tømmerkyrkje bygt på same staden. Korhuset vart rive ned i april 1659, men alt 21. august same året vart den nye kyrkja vigsla.[1] Kyrkja var ikkje så veldig mykje større enn korhuset, og langskipet var berre 8 meter langt.[2]

Bastiansen finansierte ikkje kyrkja aleine, men fekk med seg fleire menn frå Bergen, samt folk frå Fedje. Fleire gav gåver til kyrkja som i dag finst i den noverande kyrkja. Dette var mellom anna ein sølvdisk, eit stort oljemåleri frå 1661, som i dag heng i våpenhuset, og døypefat frå 1663.

I følgje segna stod ikkje denne kyrkja der kyrkja i dag står, men på ein holme nordom hovudøya kalla Helsøya, fordi det var her Bastiansen visstnok dreiv i land. På holmen ligg ei steinrøys der ein meiner ein kan sjå konturane av ein grunnmur. Rundt holmen finst òg fleire lokale stadnamn som Påskeflua, Koften (der presteskyssen ein gong rente på land og presten miste kjolen sin) og Brurebenken. Segnene er derimot lite trulege og kyrkja låg truleg på same stad som den noverande kyrkja.[1]

Fedje fekk først kyrkjegard i 1679. Den same Bastiansen var av mennene som gjorde opptaket til at Fedje skulle få eigen kyrkjegard, og kyrkjegarden vart vigsla av tidlegare nemnte sokneprest Ovenstad den 23. april dette året.[1] Før den tid måtte dei døde førast over Fedjefjorden til Austrheim, ei ferd som var strevsam og ofte farefull. Det var heller ikkje eigen prest på Fedje, og ofte vart preikene avlyste på grunn av dårleg vêr då presten ikkje kom seg over fjorden. Prestane måtte skyssast med robåt frå Lindås. På 1800-talet var kyrkja i dårleg stand og eigaren av kyrkja, Kahrs, søkte om å få rive kyrkjetårnet så ikkje vinden skulle ta det. Det er òg somme som meiner at Kahrs bygte ei ny kyrkje ein gong på 1800-talet, men det finst ikkje historiske kjelder som viser dette bortsett frå ei kallsbok der det står skrive om kyrkja «En vakker liden Træbygning, som opførtes av dens forrige eier major Chr. Karhs». Den gamle kyrkja kan kanskje berre ha vorte vølt i staden.[1] Uansett vart kyrkja på Fedje rive ned i 1888 for å gje plass til ei ny. Dei gamle byggmateriale vart nytta i handelshus som stod på Stenborg på Fedje.[1]

Den andre kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Den gamle kyrkja vart riven i 1888 og ei lita trekyrkje vart vigsla av biskop Hvoslef den 17. oktober same året. Skipet i denne kyrkja var 10,3 meter langt og 7,3 meter breitt med plass til om lag 80 menneske.[2] Kyrkja hadde ikkje orgel. I 1930 fekk kyrkja ny altertavle, ei gåve frå utflytta norskamerikanarar frå Fedje. Altartavla er måla av Vilhelm Bjørknes frå Byrknesøy i Gulen kommune, medan treverket vart bygt i ledige stunder av ein fyrvaktar på Hellisøy fyr.[2] Denne altartavla står i dag i den noverande kyrkja.

Den noverande kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja frå 1888 vart raskt for liten og alt i 1918 byrja ein å planlegge finansieringa av ei ny og større kyrkje. Dette året vart det lagt ut lister der folk kunne skrive seg opp og gje gåver for å finansiere bygginga. I 1939 vart kyrkja frå 1888 rive ned. Starten av den andre verdskrigen gjorde byggeprossesen vanskeleg. Det kom påbod og forbod i tur og orden, samt rasjoneringar på byggmateriale. Det tok derfor tid å skaffe inn materiale og få dei løyva ein trong av tyskarane for å få kyrkja ferdig. Mellom anna nekta den tyske okkupasjonsmakta å tekke tårnet med kopar, men det ordna seg til slutt.[2] I 1941 stod kyrkja ferdig og 7. september 1941 vart ho vigsla av biskop Andreas Fleischer.[2]

Kyrkja er bygt i murstein, som høver betre enn tremateriale for det barske havklimaet på Fedje. Taket består av Alta-skifer og tårnet er tekt med kopar.

I 1979 fekk kyrkja nytt orgel frå W. E. B. Orgelbau i Dresden i Tyskland med 16 stemmer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Oskar Tangen og Ludvik Jordal (1984) Bygdebok for fedje, s. 36-68 – Fedje.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Fedje kommune (1995) Kulturhistorisk vegvisar - Fedje (red. Nils Georg Brekke og Ronny B. Skaar) – Nord 4 - Vestkyst, Fedje.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]