Feels Like Home av Linda Ronstadt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Feels Like Home
Studioalbum av Linda Ronstadt
Språk engelsk
Utgjeve 14. mars 1995
Innspelt 1994
Sjanger Countryrock
Lengd 39:26
Selskap Elektra
Produsent George Massenburg, Linda Ronstadt
Linda Ronstadt-kronologi 
Winter Light
(1993)
Feels Like Home Dedicated to the One I Love
(1996)


Singlar frå Feels Like Home
  1. «The Blue Train»
    Utgjeve: March 1995
  2. «Walk On»
    Utgjeve: April 1995
  3. «The Waiting»
    Utgjeve: 1995
  4. «High Sierra»
    Utgjeve: August 1995

Feels Like Home er det tjuande studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, gjeve ut i mars 1995. Det nådde 75. plassen på den amerikanske Billboard-lista og låg 12 veker inne på lista. Albumet selde opp under 200 000 eksemplar i USA, men er i dag ikkje lenger i fysisk sal.

Fem av songane var opphavleg meint for eit nytt Trio-album med Ronstadt, Emmylou Harris og Dolly Parton, som vart spelt inn i 1994. Albumet vart ikkje noko av på den tida, så Ronstadt tok fem av songane med på dette albumet i staden, utan vokalen til Parton, som måtte fjernast. Desse fem songane kom derimot ut i nymiksa utgåve på Trio II i 1998.

Ein singel frå albumet, Tom Petty sin «The Waiting» og «Walk On», kom ut samstundes som albumet. «Walk On» var første gongen Ronstadt gjekk inn på [[Billboard Country Singles]-lista som soloartist sidan 1983. Songen var tidlegare blitt spelt inn av Matraca Berg i 1990 på debutalbumet hennar Lying to the Moon.

Adult Contemporary radio spelte «The Blue Train» ein del og denne nådde 31. plassen på denne lista. Songen «Feels Like Home» vart nytta i Randy Newman-musikalen Randy Newman's Faust, som hadde premiere i 1995, og har sidan blitt spelt av mange andre artistar.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]
Chicago Tribune2.5/4 stars[2]
Entertainment WeeklyA−[3]
Rolling Stone4/5 stars[4]

I meldinga si for Allmusic skreiv Jose Promis at albumet «gjekk attende til countryrockrøtene hennar. Albumet er av topp kvalitet, men litt keisamt. Stemma til Ronstadt er like bra som alltid og songane er fine, men det er likevel noko som manglar, særleg mot slutten, då det berre verkar å drive avstad.»[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Waiting»Tom Petty3:58
2.«Walk On»Matraca Berg, Ronnie Samoset2:58
3.«High Sierra»Harley Allen4:24
4.«After the Gold Rush»Neil Young3:33
5.«The Blue Train»Jennifer Kimball, Tom Kimmel5:04
6.«Feels Like Home»Randy Newman4:50
7.«Teardrops Will Fall»Eddie Deane3:08
8.«Morning Blues»Traditional3:57
9.«Women Cross the River»David Olney3:33
10.«Lover's Return»A.P. Carter4:01
Total lengd:39:26

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk

  • George Massenburg – produsent, lydteknikar, miksing
  • Linda Ronstadt – produsent, miksing
  • Gail Rosman – produksjonskoordinator
  • Nathaniel Kunkel – lydteknikar
  • Sean O'Dwyer – assisterande lydteknikar
  • Gil Morales – assisterande lydteknikar
  • Ron Lewter – mastering
  • Doug Sax – mastering
  • Gavin Lurssen – mastering
  • John Allair – pianoteknikar
  • John Kosh – kunstnarisk leiar, design
  • Robert Blakeman – fotografi
  • Greg Sudmeier – orkesterkoordinator
  • Ira Koslow – management
Studio
  • Spelt inn i Jim Brady Recording Studios (Tucson i Arizona); The Site og Skywalker Ranch (Marin County i California); Studio F (Los Angeles); Conway Studios (Hollywood).
  • Mastering i The Mastering Lab (Hollywood).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Promis, Jose F. «Fells Like Home - Linda Ronstadt». Allmusic. Henta 8. desember 2020. 
  2. Dretzka, Gary (1. juni 1995). «Linda Ronstadt Feels Like Home (Elektra)». Chicago Tribune. Henta 12. april 2013. 
  3. Thigpen, David (17. mars 1995). «Feels Like Home Review». Entertainment Weekly: 88. Henta 12. april 2013. [daud lenkje]
  4. Galvin, Peter (6. april 1995). «Feels Like Home». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 11. mars 2014. Henta 12. april 2013.