Feiar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Norsk feiar fotografert i 1960.
Foto: Leif Ørnelund, Byhistorisk samling, Oslo Museum

Feiar eller skorsteinsfeiar, er ein faglært person som feiar og gjer reint inne i skorsteinspiper, røykkanalar, omnar og andre eldstadar, luftekanalar og andre liknande innretningar, for å hindre at det oppstår brann eller går føre seg utslepp av ureiningar. Sot og tjøre set seg fast inne i skorsteinane under fyringa, ikkje minst dersom forbrenninga er ikkje er optimal, og dette kan føre til pipebrann og brann i bygningen.

Det ligg òg til feiarane sine oppgåver å gjennomføre tilsyn med skorsteinspiper og eldstader for å hindre at det vert brann, gje råd og rettleiing, og sjå etter at bygningar har gode branntekniske løysingar i samsvar med lover og reglar.

De fleste feiarane i Noreg er tilsett i kommunale etatar, til dømes brannvesenet.

Skorsteinsfeiinga[endre | endre wikiteksten]

Store fabrikkpiper, som til dømes desse på Hjula veveri i Oslo, fotografert før 1910, vart feia ved at feiaren arbeida inni pipa.
Ein dansk skorsteinsfeiar på hustaket i ferd med å feie pipa. I mange land er det tradisjon for at feiarane har flosshatt under arbeidet.
Feiarar på arbeid i Alsace i Frankrike

Feiinga av skorsteinspipa vart gjort ved at feiaren klatra opp på taket av bygningen og slapp ned gjennom pipa eit tau med ein stålkost med lodd i eine enden, som han drog opp og ned nokre gongar. Tverrmålet på stålkosten passa til pipa og skrapa veggane reine, så sota fell til botnen av pipa som eit grovt pulver, der det var ei luke til å take ho ut gjennom. I høge bygningar kunne det òg vere ei liknande luke i pipa opp på loftet som feiaren kunne gjere seg nytte av i staden for å klatre opp på taket.

For å feie dei særs store og høge pipene på fabrikkar i tidlegare tider, der det vart mykje sot av dei store mengdene med kol eller anna brensle som gjekk med i eldstadane til dampkjelar for dampmaskinar og anna produksjonsutstyr, måtte feiaren klyve inni pipa og reingjere veggane med handemakt i heile høgda. Dette var eit særs strevsamt, skittent og helsefarleg arbeid.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]