Feiemaskin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Feiebil)
Sjølvgåande vegkost.

Feiemaskin, vegkost, eller feielbil. er ei kommunalmaskin som vert nytta for å fjerna søl og skrot frå vegar og opne plassar. Det som kostane på feieaggregatet samlar saman vert soge inn i ein oppsamlingstank.

Det finst ulike typar, både sjølvgåande maskinar og feieaggregat monterte på traktorar og lastebilar. Når ein lastebil er ombygd til feiemaskin vert dei ofte kalla feiebil.

Feiebilar vert ofte nytta saman med spylebilar.