Feildeteksjon og korreksjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Feildeteksjon og korreksjon er ulike teknikkar nytta innan datatransmisjon og lagring, for å detektera feil og korrigera dei. Ein legg då til redundans, på ein kontrollert måte, i sendaren. Ein dekodar i mottakaren nyttar denne informasjonen for å avgjera om det har oppstått feil og for å retta opp feilen.

Det oppstår alltid feil når ein overfører eller lagrar data og ulike overføringskanalarkanalar og lagringsmedium innfører ulike typar feil. Feilkorreksjonsmetodane må difor tilpassast kanalen eller lagringsmediet. Platelager og optiske lagringsmedium (CD, DVD, etc.) krev ulike feilkorreksjonsmetodar. Ulike overføringskanalar som pakkesvitsja nett, digital radio, etc. stiller atter andre krav.

Ved tovegs kommunikasjon, som til dømes pakkevitsja nett, kan ein be om å få sendt pakkar med feil på nytt; ein kan då nøya seg med å detektera feil i mottakaren, noko som er enklare enn å korrigera feila. Ved einvegs kommunikasjon, som til dømes radiokommunikasjon, har ein ikkje høve til å be om at data med feil blir sendt på nytt; ein lyt då nytta algoritmer som korrigerer feila. DAB+, til dømes, hat to lag med feilkorreksjon og er svært robust.

Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.