Feios

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Feios sokn)
Hopp til navigering Hopp til søk
Feios
stad
Feios fraa Leikanger (cropped).jpg
Feios sett frå hi sida av Sognefjorden.

Foto: Per Olav Bøyum

Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Vik
Postnummer 6895 FEIOS
Preposisjon i Feios
Wikimedia Commons: Feios

Feios er ei bygd i Vik kommune i Sogn og Fjordane, og eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Bygda ligg på sørsida av Sognefjorden, åtte kilometers køyring austom Vangsnes og 17 kilometer nordvest for Fresvik. Busetnaden ligg ved fjorden og oppover dalen der Feioselvi renn ned. I Feios ligg barne- og ungdsomsskulen Feios skule[1] og Feios kyrkje.

Feios kyrkje på garden Rinde.
Foto: Jan-Magne Rinde
Utsikt frå fjellet ved Feios.
Foto: Per Olav Bøyum

Feios fekk vegutløysing i 1971, då stod vegen mellom Vangsnes og Feios ferdig. I 1976 vart det vegsamband til Fresvik frå Feios. [2] Vegen frå Vangsnes til Feios er fylkesveg 602, medan vegen frå Feios til Fresvik heiter Fylkesveg 182 i Sogn og Fjordane.

Kommunesoge[endre | endre wikiteksten]

Fram til og med 1991 høyrde Feios til Leikanger kommune. Ved i regulering av kommunegrensene vart Feios, saman med Fresvik, overført til Vik kommune 1. januar 1992. [3]

Feios kyrkjesokn[endre | endre wikiteksten]

Feios er eit kyrkjesokn i Sogn prosti. Soknet har ei kyrkje, Feios kyrkje frå 1866. [4] Den noverande kyrkja erstatta ei stavkyrkje frå 1200-talet.[5] Rinde stavkyrkje vart truleg riven av to grunnar. For det første var ho i svært dårleg stand ved ei synfaring den 7.september i 1858. Den andre grunnen var truleg at departementet hadde eit ynskje om å realisera ein ny type kyrkjearkitektur med utgangspunkt i det som O.P. Bjerkek skildrar som Eisenach-regulativet. Dette regulativet hadde sitt opphav i Prøysen og Nord-Tyskland. Da den nye Kyrkjelova kom i 1851, førte det til ei storstilt kyrkjebygging i Norge i siste halvdel av 1800-talet.Feios kyrkje er truleg den tredje kyrkja på staden, i fylgje Roar Hauglid. Feios kyrkje er teikna av arkitekt J.W. Nordan.(Rinde 2016).

Feios sokn høyrde til Leikanger prestegjeld i Indre Sogn prosti, men vart overført til Vik prestegjeld i Ytre Sogn prosti 1. august 1999.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Rinde, Jan Magne Borlaug. Rinde kyrkjestad. Feios kyrkje 150 år. Feios sokn 2016

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]