Feiring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flyfoto av Feiring i Eidsvoll

Feiring (uttalt [fe:`ring]) er ei bygd i Eidsvoll kommune i Akershus med ca. 1000 innbyggjarar. Namnet Feiring er etymologisk knytt til ordet «fager». Feiring ligg på vestsida av sørenden til Mjøsa. Staden blei 1. januar 1870 skilt ut frå Hurdal som eigen kommune og slått saman med Eidsvoll kommune 1. januar 1964. Feiring kommune hadde eit flatemål på 102,45 km².

Fylkesveg 33 mellom Minnesund og Østre Toten er den einaste samferdselsåra til bygda, og blei bygd i 1890-åra. Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, men etter at forvaltingsreforma tredde i kraft har han fått status som fylkesveg.

Feiring kyrkje blei bygd i 1870. Opphavleg skulle den gamle kyrkja frå 1693 bli restaurert, men etter drøfting i kommunestyret blei det vedteke å byggje ny kyrkje. Mykje av materialet i kyrkja stammar likevel frå den gamle tømmerkyrkja.

På 1600-talet blei det drive ca. 20 kopargruver nord og nordvest for kyrkja, med smeltehytte ved Flesvikelva. Carsten Anker dreiv i perioden 1806–1818 Feiring jernverk ved Skreikampen. Feiring jernverk er eit av dei best bevarte jernverksområda i Noreg frå tida etter den industrielle revolusjonen. Hustuftene har stått nesten heilt urørt fram til i dag. Jernverkstuftene og restane etter masomnane er blitt restaurerte, og Eidsvoll historielag har sett opp informasjonstavler på verksområdet. Dei seinare åra er det årleg sett opp eit historisk teaterstykke på verksområdet. «Jernverkshelga» blir arrangert i august.

Behandlings- og rehabiliteringssenteret for hjartesjuke, Feiringklinikken, blir driven av Landsforeningen for hjerte- og lungesyke og ligg sentralt i Kyrkjebygda ned mot Mjøsa.

I dag kan ein framleis sjå milepålen som viser grenseposten ved riksveg 33 mellom Østre Toten og Eidsvoll kommuner (gamle Feiring herred). Grenseposten mellom Feiring og Eidsvoll er derimot fjerna, slik at gjestar ikkje lenger veit når dei køyrer inn i kjerneområdet av Romerike. Men det er mykje som tyder på at han stod rett før svingen som populært blir kalla Migersvingen eller Migern.

I 2006 fekk Feiring si eiga «regjering». Denne fungerer som eit talerøyr for bygda til Eidsvoll kommune, og står for ting som skjer i bygda både på det kulturelle og politiske plan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]